onsdag, september 02, 2015
Dagbok 2015: 2.september
Klokka er 19.15, temperaturen ute er + 14 grader C, og det er fint, lettskya vêr.
Dagen i dag har dreia seg om pensjonistlaget. Først måtte eg dusje og vaske håret, så stort meir vart det ikkje gjort før vi møtte på Kulturhuset for å dekke bord og pynte opp litt.(Då hadde vi henta songbøker m.m. på Bakkola først.) Trist å sjå kor nedslitne og sulka møblane er.
Kulturhuset treng verkeleg eit "løft".
Vi var heimom og fekk oss mat og ein liten pause før vi møtte opp klokka 15.30.
Møtet gjekk greitt, og Inger Liadal orienterte grundig om stoda for eldreomsorga i Ørsta. Men stakkars meg som skulle notere, - det gjekk fort i svingane. I morgon får eg litt av ein jobb med å få til eit referat.
Det varte og rakk før dei to voldingane fekk kome til med song og musikk.
Men det var fint å høyre på dei.
No skal eg prøve å slappe av litt og rydde opp i haudet mitt. Merkar at det har vore ein lang "ferie"; eg er ute av trening. Det ser forresten ut til at det blir ein fin dag i morgon.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Klokka er no 17.16, temperaturen ute er minus 2 grader, før i dag har vi hatt varmegrader og berre vegar. Eg var på trening i dag og etter ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no 17.18, temperaturen ute er + 4 grader det er nokre snøflukser på veg ned, men det har ikkje snødd så veldig mykje i dag. Naboen...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar