onsdag, august 27, 2025

Dagbok 2025: 27.august



Klokka er no 18.00, temperatiuen ute er ca + 20 grader, det har vore mukje sol i dag, men no skyar det over.

Eg har voldsom energi for tida (alt er relativt) så i dag stte eg i gang å vaske kjøkkenet, dvs. vegger og golv etc. Taket fekk eg ikkje heilt taket på , så det får eg ta att-eg har ein plan. Kjøkkenet var ikkje spesielt skittent, men eg likar å shine der opp av og til. Det er favorittrommet mitt. I dag fekk eg vaska pynte- koppar og fat i maskin, og gardinene vaskar eg også i maskin , og tek dei ut av maskina og heng dei opp straks. Dei blir så fine-utan stryking etc.

Eg var ein tur opp til Marit i dag også, men så måtte eg gjere meir. Då er det berre å gå ned i rote-kråa i hagen, der er alltid noko ein kan gjere. Det er berre det at eg kan ikkje gjere alt eg vil, for eg har ein Rygg! Venstre foten er heller ikkje heilt bra, så eg går ikkje på Fonnvernet. Men i morgon skal eg på trening igjen og så har eg planer om å fare fram på grava med ein lyng-det er tid for lyng no, trur eg. Heldigvis har dei blomster på butikken het på Vallabøen, det er greit somme tider.

No skal eg sette meg til å sjå TV, trur eg, og så har eg strikketøyet.


 

tirsdag, august 26, 2025

Dagbok 2025:26.august

Klokka er no19.22 temperaturen ute er+ !7 grader C og sola skin enno etter ein kjempefin dag.

I dag starta dagen med trening, og etter treninga for vi beine vegen heim.Med det samme eg kom heim fylte eg bilen med hage-avfall og reiste beine vegen på VØR. Då eg kom heim att jobba eg litt i hagen, med å klippe litt her og der m.a. Så vaska eg klipparen og sette den på vent.

Eg sat oppe hos Marit ei stund, ho må sitte med eine foten høgt for det meste , men ho KAN gå også.

I dag hadde eg klipt graset oppe ved postkassane, men eg ville shine der opp litt meir, så eg begynte å klippe gras for hand attmed steinane(bildet over) og det gjekk så vidt at eg rensa ugraset vekk på heile tunet. Verst var det heilt oppe mot gata. Men det blei no nokså fint til slutt. Så fekk eg gjort ein jobb i dag også, det er viktig for meg. No har eg ete meg eit godt måltid mat, så no skal eg slappe av med TV og strikketøy. 

Snakka litt med Erlend i dag, han har vore og stemt på førehand og eg fekk vite kven han hadde stemt på. 


 

mandag, august 25, 2025

Dagbok 2025: 25.august.


Klokka er no18.42, temperaturen ute er +16 grader C og sola skin. Vi har hatt ein fin dag, og eg for min del har vore ute heile dagen, Berre inn og få litt mat av og til.

Først jobba eg i det som er den mest rotete delen i hagen, eg heldt på der så lenge eg hadde sen i kantklipparen. Eg synest eg fekk gjort mykje, men der står ein del att også.

Eg gjorde også noko som ikkje var så nødvendig. Ovafor plommetreet ligg der ein stor stein, eg synest det er så kjekt å ha den steinen, og når sola skin kjem det sølvprikkar på den. No har det vore så mykje væte og så mykje mose at steinen var nesten vekke. Så i dag gjorde eg det eg kunne for å få den fram i lystet igjen. Eg grov vekk mose med ein kniv etc, og til slutt spylte eg vekk alt som var laust. Då sola traff steinen , såg eg sølvet.

Etterpå klipte eg plenen nedanfor huset, det vart til at eg klipte den to gonger fordi eg ikkje hadde stilt ned nok første gongen. Klipte mykje nede i skråninga også. 

Då eg hadde jobba ferdig gjekk eg opp til Marit som sat ute. Vi sat og prata heilt til heimesjukepleien kom.

I morgon er det trening igjen, men eg synest eg har hatt bra trening i dag også. Foten min er ikkje heilt god,men det går bra likevel.No skal eg finne meg nokre godbitar i kjøleskapet.
 

søndag, august 24, 2025

Dagbok 2025: 24.august

Klokka er no17.15, temperaturen ute er +13 graderC  og det er skya, men ikkje regn.Det skal visst no bli sol i dagane framover. Det er heldigvis ei veke att av august.

I dag er det tredje dagen eg går her heime  åleine utan å gjere så mykje. Eg klandrer ingen, det er min eigen feil at eg ikkje finn på noko kjekt. Eg kan no ikkje sitte og strikke og sjå TV heile tida.

Eg lurte på å gå på Vernet, men då eg såg utover var der veldig mykje folk som gjekk der i dag, og eg er litt redd for foten min.

Eg fann på å lage ein slags fiskesuppe av noko fisk eg hadde liggande i frysaren,den blei no god nok, men ikkje slik som suppene eg laga den tida eg hadde god fisk, og rikeleg.

Eg måtte berre finne på noko, så eg sette i gang å plukke solbæra på den eldste buska, og etter kvart som eg plukka klipte eg greinene, eg vil ikkje ha buskene så store. Litt bær vart det no, så eg har eit lager i frysaren som Solveig skal få til å lage saft av. Sjølv driv eg ikkje med safting og sylting lenger, eg kjøper det eg skal ha på butikken. Eg fann no litt av kvart anna å henge fingrane borti, til dømes løvetannrøter som har begynt å komme i massevis,dei trur visst det er vår.

Eg har gått her og tusla mykje åleine siste dagane, men i morgon blir det sikkert noko å ta seg til, eg har no eigentleg mykje som skulle ha vore gjort, men eg kan ikkje gjere alt sjølv- men eg greier mykje.


                  Skodda ligg i fjellsida, men det skal visst bli fint ver no.


 

lørdag, august 23, 2025

Dagbok 2025: 23-august

 




Klokka er no 19.30, temperaturen ute er + 12 grader c og sola kom så vidt fram ei lita stund. Det har vore overskya i heile dag, men eg trur ikkje det har regna heile tida. 

Eg hadde tenkt meg til Vik og sjå på livet der på føremiddagen. Men eg solmla slik at då eg endeleg var nede i gågata var klokka neste halv 2. Eg trudde den var halv 12 eller noko slikt, men det er lurt å sjekke klokka og ikkje berre tru. Det meste var vel over før eg kom, men eg trefte Lisbeth og Jan og snakka med dei, dei hadde heller ikkje fått med seg det som skulle skje, og så trefte eg enda ei frå SV -gjengen og det var Kirsti Hansejordet. Henne var det lenge sidan eg hadde møtt, så det var ekstra kjekt. Eg gjekk ut gågata og der var det bilar som stod parkert og hadde utsal av diverse matvarer; eg kjøpte ikkje noko, men kanskje ein annan gong? Eg gjekk ut heile gata og innatt i gata nedanfor og så til ALTI der eg alltid parkerer bilen. Eg tok ein runde og såg meg om inne, men kjøpte ikkje noko.

Når eg går i gatene og på ALTI er det fordi eg vil oppleve noko anna enn berre Vallabøen, sjå litt meir folk etc. For det har gått opp for meg at eg har eit litt for lite område der eg held meg.

Her heime har det ikkje hendt noko i dag. Eg har som vanleg ete og drukke , sett TV og strikka. Eg har ikkje vore hos Marit, for dei har gjester i dag.

Eg gjekk på Vernet i går, vart litt låk i foten,  ikkje så gale, men eg stod over i dag.

Det merkelege er at eg får mindre vondt av å gå i hagen og jobbe, så no skal det visst bli ei veke med finever, så eg får rydda opp litt ute.Det er så stygt og rotete i hagen i år, eg skuldar mest på veret.

Margrete har stått på stand i Volda i dag og reklamert for AP. Marit hadde sett eit bilde på FB, men då eg skulle prøve å få sett det, var bildet vekk. Det kan kanskje dukke opp igjen. Eg beundrer alle som brukar av fritida si og jobbe for politikken, mange legg ned mykje gratisarbeid  for det dei trur på. Og ikkje får dei mykje. takk heller. Tvert imot. 

Eg skulle ta eit bilde av sola, men så vart den borte igjen før eg fekk ladda opp telefonen.

fredag, august 22, 2025

Dagbok 2025:22.august


Klokka er no 18.42, temperaturen ute er + 9 grader C, akkurat no er det opplett og litt sol, men det har regna meir og mindre i heile dag. Men ei stund såg det veldig bra ut, så eg tok sjansen på å prøve å gå ein tur på Vernet. Det er veldig lenge sidan sist eg var der, for eg har vore låk i ein fot i heile sommar.No trudde eg at eg var nokså bra, så eg våga meg til å gå opp ein tur, men eg var ikkje så bra som eg trudde. Eg gjekk berre eine sida, den nedste, og kom meg no heim att utan å bli heilt invalid. Men eg skal ikkje gå der i morgon.

I dag hadde eg tenkt at eg skulle ha ein fin dag, finne på noko kjekt, men kva skulle det vere? Eg tok fredagsvasken i går og følte at eg hadde fri i dag, og eg hadde mykje å bruke fridagen til. Rydde på datarommet t.d., Her hadde ikkje vore skikkeleg støvtørka sidan snikkaren var her,  eg fekk no gjort litt i dag. Men berre litt. For å gjere skikkeleg reint her å kontoret, må eg ha Erlend med meg, trur eg. For eg må ha fram skrivebordet og bak det ligg der ledningar og diverse anna som høyrer til datamaskin og TV etc.Eg torer nesten ikkje å ta i det ein gong, i redsel for at eg skal misse kontakten med verda.
Elles har eg site og strikka , lese avisa m.m. Møre Nytt var veldig tjukk og god denne fredagen, mykje interessant stoff. Sudokuen løyste eg før eg la meg i gå kveld.
Venninnene mine i SV skal demonstrere mot det som skjer i Palestina ved "Fru Svendsen" i morgon . Dei som vil vere med skal ha med seg tomme kasserollar og sleiver for å lage lyd.  Eg forstår bodskapen, men trur ikkje eg stiller opp og deltek aktivt. Der skal sjølvsagt vere appellar også, men eg har ikkje sett klokkeslettet enno. Eg vil no gjerne møte opp, og laurdags føremiddag brukar det å vere LIV i gågata.  

 

torsdag, august 21, 2025

Dagbok 2025: 21.august


 Klokka er no 17.52, temperaturen ute er + 10 grader C, og no regnar det igjen. Litt tidlegare på ettermiddagen var det litt sol, og eg vurderte å gå tur på Vernet. Det vart det ikkje noko av.

I dag var Marit og eg på trening igjen og på heimvegen handla vi rikeleg med god mat; til oss sjølve og til katten LOLLO. 

Eg synest det er så gale at matbutikkane skal ha så mykje blomster og plantar, eg trur ikkje dei sel så mykje av det. Men i dag fall eg for freistinga og kjøpte meg ein "Bladplante" utan blomster. Kanskje den vil trivast.Eg er stadig ute for at blomster som eg får har altfor kort levetid. Før i tida hadde vi no potteplantane i åresvis.



Eg hadde ingen eksakte planar for dagen, men etter at eg hadde ete lunsj, strikka litt og sett TV m.m. bestemte eg meg for å ta fredagsvasken i dag, og heller ta fri i morgon. 

Eg er så spent på korleis lærarane i familien har hatt det no når dei er på plass etter ferien, men eg kan ikkje rekne med at dei kjem hit no og informerer meg. Det er travelt med skulestart, det veit eg.

Eg synest det regnar meir og mindre heile tida, men no har Marit sjekka langtidsmeldinga og den seier at neste veke skal det vere opplett i 5 dagar. Eg håper det blir slik, for det trengst 5 tørre dagar for å få bort mosen frå altanen-når eg skal drepe den med Mould som eg har kjøpt.

Eg har meir å gjere i hagen også, men då må eg også ha litt betre ver. Eg kan ikkje hugse at vi har hatt slik ver i august før- Plar ikkje det vere ein fin månad?

 


Dagbok 2026: 14.november

Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...