onsdag, august 07, 2024

Dagbok 2024: 7.august


 Her er vi samla i stova på Hildegard: Elin, eg, Amanda og Bodil. Det må vere Margrete som tok bildet. Eg fekk ikkje tatt særleg med bilde i dag for eg hadde ikkje ladda opp telefonen. Det er bra typisk meg.

Klokka er no 20.30, temperaturen ute er + 17 grader og no er det opplett. Men vi har treft på ei og anna regnbyge i dag. Eg har nemleg  vore ute og reist i dag, heilt til Eid har vi vore. Amanda som bur i Ørsta for tida kom og henta med med sin eigen bil, så bar det til Volda og med ferje over fjorden og ein liten biltur til Margrete sitt hus. Der gjekk vi over til Margrete sin bil og så gjekk det i full fart til Eid. Det føste vi gjorde var å sjå innom gravplassen, der besteforeldra mine, foreldra mine og bror min er gralvlagde ved sidan av kvarandre.  

Vi skulle besøke Bodil i dag, men visste at ho var på Stårheim, men skulle komme att seinare. Vi skulle sjå oss litt omkring i sentrum i mellomtida, men vi vart sittande ved vinduet på kaféen på ALTI. Der drakk vi kaffi og åt litt, mens vi hadde god utsikt til eit kjempestort passasjerskip. Eit litt mindre skip låg lenger ute i fjorden. Det største var tydelegvis tysk, det såg vi av teksten som var måla på skroget. Mens vi sat der ringde Bodil og sa at ho var komen heim. Det freista ikkje å gå tur i gatene , til det regna det for mykje, men vi gjekk og såg oss omkring i butikkane, utan å kjøpe så mykje.

Så kom vi på Hildegard (heimen er oppkalla etter farmora mi, som heitte Hilda.)

No er det berre Bodil som bur der fast, sidan bror min døde. Men vi hadde mykje å snakke om, og etter kvart kom Elin, systra til Bodil også. Vi hadde ei veldig kjekk stund. No har eg sjølvsagt kontakt med Bodil på FB etc.Men det er noko anna å treffast "live". Takk til alle som gjorde dagen min til ei fin oppleving. Og ei særleg takk til Amanda som fekk meg trygt heilt heim. 


tirsdag, august 06, 2024

Dagbok 2024: 6.august




Klokka er no 17.45 og eg har tatt kvelden. Eg har ikkje tenkt å gjere meir i dag. Det har vore overskya og opplett i dag, og slik er det enno. Synest det er litt skymt når det ikkje er sol- Temperaturen ute er +22 grader.

Eg var effektiv på føremiddagen, eg køyrde på VØR med 7 sekker hageavfall. Tinga som eg skal bort med tek eg ein annan gong. Der var ein eldre mann på VØR på samme tid og med samme ærend. Vi var samde om at eføy ikkje var noko å ha.

Då eg kom heim att sette eg i gang med å bere inn att i Tilbygget, det som eg bar ut i går. Nokre ting fekk ikkje komme inn att. Så dei må eg kvitte på ein eller annan måte. Nokre av tinga var tunge og vanskeleg å bere åleine-men det gjekk bra.

Etterpå klipte eg graset rundt huset-ikkje i Skråninga, for det klipte eg rett før helga. Eg renska litt ugras her og der også. I dag var der mange plommer på marka og eg åt eit par av dei, så no er det snart sesong for det. Eg har ikkje plukka rips enno-bærplukking er ikkje det eg likar best, men eg skal no ta meg saman, det er no eg som vil ha bærtrea.

I morgon er det at vi skal til Eid, Margrete og eg-og kanskje Amanda. Bodil skulle først på eit "møte", så vi fer ikkje så tidleg..

Etter at eg var ferdig med utearbeidet mitt åt eg middag, same suppa som i går, eg hadde ikkje lyst på den først, men den gjekk fint ned. Så har eg site og sett nyheiter og såg eg ung nordmann som hadde fått gull. ikkje veit eg kva det var for ein idrett han dreiv. Elles sa dei at kronprinsen var åleine i Paris-og eg som trudde der var heller folksamt. Eg følgjer ikkje myke med på OL, men det blir no til at ein ser litt, når der er så mykje på TV-

No ser eg kvifor det vart så mørkt. No regnar det. Ja, eg har ikkje vatna mykje i hagen denne sommaren, det var berre tidlegi sesongen art det var litt tørt-

mandag, august 05, 2024

Dagbok 2024: 5.august


 Klokka er no 18.56, temperaturen ute er +19 grader C. Det har vore fint ver og sol i heile dag, men no begynte det brått å regne, men det går vel over.

I dag hadde Einar lobva å komme og male på huset mitt, det er liksom han som passar på det. Men han skulle ikkje kome så tidleg så eg fekk sette i gang med det eg hadde tenkt, nemleg å rydde og vaske litt i tilbygget, no når der er lys og allting.

Eg gjekk på megd krumhals og bar og bar ut alle slags greier, mykje fjøler mellom anna. Og alt var nedestøva od skite, så eg tok vannslangen og skurekosten og vaska fjøler og bord på begge sider og sete dei til tørk. Eg måtte også prøve å få med meg mest muleg av eføyen so m har ete seg inn,mellon muren og altangolvet, men Solveig hadde greidd å få vekk mesteparten då ho var her. Eg lyg ikkje når eg seier at slike jobbar likar eg. Eg blei no ikkje heilt ferdig i dag, men fekk det meste i hus.

V
Veggane på altanen som eføyen hadde grisa til så eg mångtte bruke kniv på å få nokonlunde reine fekk nytt liv med ny maling.
 
Eg slapp å bruke tida mi på å lage middag i dag, for eg hadde ei panne med suppe ståande i frysaren-så det vart menyen i dag.

Etter at Einar hadde reist, prøvde eg å få rydde opp mest muleg ute, det som står på tørk under altanen får berre stå så lenge.Dei største tinga bar eg ikkje ut, men spylte inne.
Eg håper at eg kjem meg på VØR snart for no har eg ikkje berre hageavfall å kvitte meg med. Eg må vel køyre to gonger, tur eg. Det er bra vi har VØR.
Eg hugsar første tida vi budde her, då hadde vi bål i hagen og brende både det eine og det andre. Godt at vi ikkje gjer det no. 
Eg håper at det blir fint ver i morgon slik at eg får rydde skikkeleg opp.




søndag, august 04, 2024

Dagbok 2024: 4.august


 Klokka er no 17.44, temperaturen ute er + 17 grader C. I dag tidleg var det regn, og vått overalt, no er vegane tørre, men sola har ikkje vore framme på grunn av skodde. Vi har hatt mange skoddedagar denne sommaren.

Eg hadde ingen faste planar om kva eg skulle bruke dagen til, eg hadde så smått tenkt å få rydda litt i tilbygget, men det er ei grense for kor mykje ein skal rote på ein sundag. Og der er mykje som eg ikkje greier åleine -trur eg. I fjor fekk eg ikkje rydda der i det heile tatt for då regna det i eitt heilt til snøen kom-det er i alle fall slik eg hugsar det.

I staden for å rydde i tilbygget, rydda eg så smått her i huset, vatna blomster og tørka litt støv etc. Det er alltid noko som treng forbetring. Eg laga tidleg middag, og sette meg til å strikke, og så fekk eg endeleg inn noko kjekt på TV, det var språkprogrammet til Linda Eide. Elles er det mykje OL og det interesserer meg ikkje. Og så har det vore litt sjonglering mellom TV1 og TV2, så eg har bala litt med det. Eg vil ha norsk tekst, også på Norske program, og det får eg berre på NRK 1(trur eg).

Marit kunne ikkje komme ned til kaffi, så eg drakk kaffi åleine før eg tok ein tur på Vernet. Må ha såpass mosjon -helst kvar dag.

For morgondagen har eg ikkje program, men ser fram til onsdag når vi skal til Eid.


Det er dumt å ta bilde mens ein sit på benken, for då kjem heile vegen med.

lørdag, august 03, 2024

Dagbok 2024: 3.august

 

Mange gonger når eg gåt tur på Fonnvernet sit eg på den siste benken og ser rett bort på Melle  der vi budde i 5 år, då vi først kom til Ørsta.

Det gamle huset vi budde i er rive for lengst og det var sant å seie ikkje noko å skryte av. Men eg synest det var 5 gode år  vi hadde der. Eg  var ikkje i jobb den tida, men passa mine eigne barn heime, Solveig var vel 2 år då vi kom hit, og Rasmus berre eitt. Margrete fekk vi mens vi heldt til der, då ho var 2 år flytta vi til Engeset , og Solveig begynte på skulen.

I dag stod eg ikkje så tidleg opp, det var bra, for eg la meg ikkje tidleg i går, trur klokka gjekk mot 2. Men det var fint ver så etter at eg hadde vore ei stund på REELS tok eg ein runde på Vernet. I dag trefte eg på eit par som eg har møtt ofte i det siste, men i dag plukka dei ikkje bringebær.

Eg hadde ei sterk kjensle av at det var sundag i dag,men Marit og eg bestemte oss for å gå på butikken, og då gjekk søndagskjensla over.

I dag laga eg meg kjempegod middag, steikt ørret med poteter grønsaker og litt rømme.Eg fekk litt dårleg samvit for å innta så mange kaloriar . 

Marit var her med meg ei stund og då sat vi ute og såg på hagen min og prata.

Det dårlege samvitet resulterte i at eg tok fram Grasklipparen etter at Marit var gått heim, og så klipte eg heile Skråninga-med oppsamlar. Eg klipte også oppe ved poststativet og spylte klipparen til slutt.  Så no kan eg ta helg med godt samvit, trur eg.

Eg er så lite interessert  i OL at eg sovnar viss eg set på TV-en for å sjå, eg likar betre å sjå på Reels på Pc-en. Eller eg kan sjå seriar t.d. på TV, og så har eg strikketøyet.



Etter at det begynte å gro til oppe ved Fonnvernet, dukka det opp hundrevis av små bartre. Eg trudde det var gran og tenkte at Ørsta ville ha rikeleg med juletre i mange år framover. Men då eg såg litt betre etter var det ikkje gran, men lerk. Og lerketre er der rikeleg i skogen rett ovafor Vernet. Dei fleste som har kjøpt tomt her omkring har hatt lerk i hagen. Det hadde vi også ei tid, men så kvitta vi lerketreet. Lerk feller nålene kvar haust og dei nålene blir gjerne liggande i takrennene, eller dei kan blåse inn i huset om vindu og dører står opne. Men det ser altså ut til bli lerkeskog ved Fonnvernet.

fredag, august 02, 2024

Dagbok 2024: 2.august


 Klokka er no 20.02, temperaturen ute er +21 grader C. Og vi har hatt ein nydeleg dag, med sol og varme. Bildet over tok eg nettopp frå altanen, mot vest.

I dag har eg hatt ein fin og koseleg dag- Eg tok først fredagsvasken, så dusja eg meg sjølv og så kom Solveig , som avtalt. Ho hadde med seg nydeleg Mor Monsen -kake, som vi kosa oss med på altanen.

Eg begynte sjølvsagt å snakke om eføyen som eg har bala med å få vekk, og best det var var vi komne ut forå sjå på eføy-veggen. Og på eføyen som heng frå tak og vegger på tilbygget. Solveig fekk blod på tann og sette i gang med å rive ned uønska vegetasjon. Ho stod i stige-trappa og drog og klipte til eg hadde fire store svarte sekker med eføy, som skal på VØR.Heilt ferdig blei vi bvel ikkje, for der er no litt att inne, som vi ikkje har nådd tak i.Litt av ein jobb Solveig gjorde der, men det var heilt frivillig. Etter stabasane tok vi oss litt is

Etter at Solveig hadde reist heim, tok eg ein tur opp til Marit som er heime ålene no, når andre er på Mallorca eller på hytta.
Eg skal sette på TV-en no for å sjå kva som skjer i verda, det er faktisk ikkje så kjekt -kunne ønske at vi fekk betre nyhende.

Eg har ikkje laga med middag enno, det hadde ikkje Marit gjort heller, men det er det no råd med. Vi er ikkje bundne av klokkeslett.

Eg føler at det er laurdag i dag, men heldigvis er det berre fredag. Så eg vil ønske alle ei god helg !

torsdag, august 01, 2024

Dagbok 2024: 1.august


 Klokka er no18.30, temperaturen ute er + 20 grader, og det er sol no. Det var sol og fint då eg gjekk på Vernet i dag, litt tidlegare enn vanleg. Eg har vore litt "trøtt" i føtene i det siste, så eg tenkte at det var best å gå før eg fekk slike plager. Det var ein nydeleg tur i dag.Og utsikten kan vi kkje klage på.Og der er alltid folk ute og går, mange med hund. Men eg trefte ingen eg kjende i dag



Etter at eg hadde ete lunsj gjekk eg ut i hagen for å jobbe, for det var planen i dag.Eg begynte nede ved Kompostbingen for der har eg ikkje stelt heilt ferdig  år,så der var mykje å ta att. Gras som måtte klippast med saks, ugras som skulle fjernast og mykje meir, eg heldt på i fleire timar. 


                                     Her har eg jobba i dag

Då tok eg plenklipparen og for over dette "stykket" før eg tok og klipte plenen rundt huset. Resten av skråninga får eg ta ein annan gong. I morgon ventar eg Solveig på besøk og det ser eg fram til. Kjekt med besøk av barn og barnebarn.

No er det snart tid for nyheiter, det er vel ikkje så oppløftande nytt i dag heller, det er vel for det meste krig-dessverre.



Dagbok 2026: 14.november

Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...