søndag, august 04, 2024

Dagbok 2024: 4.august


 Klokka er no 17.44, temperaturen ute er + 17 grader C. I dag tidleg var det regn, og vått overalt, no er vegane tørre, men sola har ikkje vore framme på grunn av skodde. Vi har hatt mange skoddedagar denne sommaren.

Eg hadde ingen faste planar om kva eg skulle bruke dagen til, eg hadde så smått tenkt å få rydda litt i tilbygget, men det er ei grense for kor mykje ein skal rote på ein sundag. Og der er mykje som eg ikkje greier åleine -trur eg. I fjor fekk eg ikkje rydda der i det heile tatt for då regna det i eitt heilt til snøen kom-det er i alle fall slik eg hugsar det.

I staden for å rydde i tilbygget, rydda eg så smått her i huset, vatna blomster og tørka litt støv etc. Det er alltid noko som treng forbetring. Eg laga tidleg middag, og sette meg til å strikke, og så fekk eg endeleg inn noko kjekt på TV, det var språkprogrammet til Linda Eide. Elles er det mykje OL og det interesserer meg ikkje. Og så har det vore litt sjonglering mellom TV1 og TV2, så eg har bala litt med det. Eg vil ha norsk tekst, også på Norske program, og det får eg berre på NRK 1(trur eg).

Marit kunne ikkje komme ned til kaffi, så eg drakk kaffi åleine før eg tok ein tur på Vernet. Må ha såpass mosjon -helst kvar dag.

For morgondagen har eg ikkje program, men ser fram til onsdag når vi skal til Eid.


Det er dumt å ta bilde mens ein sit på benken, for då kjem heile vegen med.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 19.september

  Klokka er no17.45, temperaturen ute er + 20 grader og vi har hatt ein fin sommardag i dag igjen. Eg var på trening som vanleg om torsdagar...