tirsdag, april 16, 2024

Dagbok 2024: 16.april

 

Dette bildet er frå i fjor, men trappa ser likeins ut i dag og eg har gått dei 43 trinna i dag også.

Klokka er no 16.04, temperaturen er + 13 grader, men det er litt vind så det kjennest kaldare ut.

I dag var vi på trening igjen, og etter treninga var vi på apoteket, og etter det på KIWI. Og så sit vi alltid og pratar litt i bilen etter at vi er heime-det høyrer med.

Eg var ikkje spesielt trøtt av treninga i dag, så eg tok ein tur på Vernet med det samme. Då eg kom heim laga eg middag og åt. Og så slappa eg av ei stund framfor Tv-en. Eg heldt på å skulle sovne, men det prøver eg å unngå- 

Eg føler også at eg må sjå og høyre nyheitene, men det er nesten som eg gruar til å sette på TV-en. Eg hadde aldri trudd at verda skulle bli så krigersk igjen, men dei som lever og styrer no har vel ikkje opplevd så mange krigar før. Eg kan med min beste vilje ikkje forstå at land vil krige mot kvarandre i vår opplyste tid.

Marit og eg vurderte å kjøpe blomster til gravene, men slo det frå oss sidan det er meldt kaldare ver. I dag såg eg mykje kvitveis, eg sakna kvitveisen i påsketida, men det var tidleg påske i år. Eg ser mykje på naturen når eg går turane mine, i dag såg eg små bjørketre som hadde begynt å få lauv, lerketrea har begynt å få grønfarge, dei kjem vel før bjørka.


Det er mykje som må gjerast i hagen her, men det er for tidleg, og for kaldt, og det er meldt at vi skal få snø igjen.

I morgon er det heimedag, men trening torsdag. Neste veke skal det vere pensjonistmøte, då skal vi vere på Rjånest i kafeen der. Eg veit ikkje om eg skal køyre ut eller om eg skal ta buss. Eg har ikkje vore på Rjåneset etter at Nils døde.Eg har ofte tenkt å ta ein tur dit, men det har ikkje blitt. No skal JULA også opne butikk i Furene. Greitt nok å ha kjøpesenter m.m. der, men Furene ligg i Volda, så Ørsta har mist fleire butikkar. Og det likar eg ikkje, og eg likar ikkje at vi må dit bort for å handle når vi misser butikkar her.


Dette ser eg fram til. Eg har lese at ein skal klippe ned rosebuskene første veka i mai. Det er no ikkje så lenge til.

mandag, april 15, 2024

Dagbok 2024: 15.april

Alt av bilde som eg hadde på PC en er borte vekk, men eg er ikkje heil hjelpelaus, for bildet av blomstane frå i fjor låg ein annan stad på nettet.Eg håper å få like fine blomster på trappa i år. Men då må dei kjøpast
 
                        Eirik fyller 27 år i dag-og mormor gartulerer !

KLokka er no 15.35, temperaturen ute er + 13 grader og her står døra til altanen på vid vegg så det skal bli skikkeleg lufta i dag. Eg kom heim frå tur på Vernet for ei lita stund sidan. I dag vart det tungt å gå fordi eg hadde styrt med så mykje på førehand at eg var litt sliten. I dag tok eg andre halva på kjøkkenet og vaska og rydda skuffer og skap. Eg var så lur at eg bestemte det i går-elles er det ikkje sikkert at eg hadde gått laus innadørs i det fine veret. Naboen min låg nede i blomsterbedda sine, såg eg. Men det er godt alt som er gjort. No held eg på og lagar meg middag; pølser og potetstappe i dag, det blir sikkert nok stappe til i morgon også. I morgon skal vi på trening igjen, så no er det slutt på "ferien". I dag morgon var eg heilt elendig i venstre hofta, men det gjekk over. Og det er eg jammen glad for. Den hofta har plaga meg nok. I dag er det sikkert varmt nok tol å sitte ute viss ein vil.

søndag, april 14, 2024

Dagbok 2024: 14.april


Klokka er no 17.39, temperaturen ute er + 8 graderC. Det er opphaldsver, men overskya. I dag morgon var det nysnø langt nedetter fjellsidene, men DEN snøen er borte no.
I dag sat eg og såg TV og strikka litt etter frokost. Litt seinare kom Marit og drakk kaffi med meg så vi fekk ei god pratestund. Etter at eg vart åleine igjen og hadde rydda opp litt, gjekk eg tur på Vernet. I dag trefte eg berre ei gammal dame, som eg kjenner. Vi vart faktisk kjende med kvarandre der oppe. Ja, og så møtte eg Helge, han har eg ikkje sett på ei stund.
Då eg kom heim att var klokka neste 17, så eg gad ikkje lage noko innvikla til middag i dag. Det vart brødskiver med egg og sild. Når ei hardkokar litt for mange egg, må ein ta konsekvensen. Morgondagen rår eg over sjølv og då har eg tenkt å vaske og rydde fleire skap og skuffer på kjøkkenet. Det er enno litt for tidleg å styre så mykje i hagen, og eg veit heller ikkje kor mykje eg greier å gjere der. Denne veka skal eg på trening tysdag og torsdag, men fleire oppgåver har eg ikkje, enno i alle fall.


 



 

lørdag, april 13, 2024

Dagbok 2024: 13.april


 Klokka er no 17.34, temperaturen ute er + 10 grader og det har stort sett regna i heile dag. Eg hadde tenkt å gå fleire rundar på Vernet i dag sidan eg har skofta to dagar. Men eg orka ikkje å gå ute i regnet, så eg har halde meg inne. Eg sat og strikka og såg TV, då eg fekk melding på telefonen om at Solveig ville komme ein tur i 13-tida, Eg såg på klokka og den var 13+, og bilen til Solveig var komen på tunet. Det er alltid kjekt å få besøk, men i dag vart det heilt uventa, så eg hadde ikkje fått laga til noko godt å ete. Så vi tok oss ei skive eller ro til kaffikoppen.

Eg har bala med bilda på PC-en lenge, og i dag lærte Solveig meg noko nytt. Det funka så lenge som ho var her, men då eg vart åleine skar det seg, enda eg meiner eg gjorde slik som ho sa. Bildet over teksten her, er eit som ho brukte når ho skulle vise meg.
Etter at Solveig hadde fare heim igjen, strikka eg ferdig lesten. Og no trur eg ikkje det regnar lenger, så eg får kanskje ta å gå ein tur. Det er ikkje bra å sitte i ro heile dagen, det brukar eg ikkje å gjere heller, men i dag vart det slik.

Etter mykje strev lukkast eg med å få bilda dit eg ville ha dei- og det er bevis på at eg har gått tur på Vernet i dag.


fredag, april 12, 2024

Dagbok 2024: 12.april


Dette bildet er frå Eid, frå 40-50 talet. Då budde vi i den ein av dei tre offisersbrakkene. Det er den kjekkaste plassen eg ha budd nokon gong. Vi hadde alt så nær, Valhall, fotballbane, Mallakoff og Gata..

Klokka er no 19.30, temperaturen ute er + 10 grader og det har vore regnbyer det meste av dagen. Sidan det var fredag, tok eg fredagsvask i dag, det tek si tid når ein skal gjere det litt skikkeleg. Det vart ikkje ver til å gå tur i dag, så det vart den tredje dagen utan mosjon.

Anne Marie, systra til Nils, fyller 89 år i dag, så eg ringte og gratulerte henne med dagen og prata ei stund med henne. Ho er på "aldersheim" og likar seg godt der.

Det regna også då eg tok bilen og køyrde ned på KIWI og handla litt til helga. Litt etter at eg hadde kome heim ringde Margrete og ville komme på besøk. Så då fekk eg ei koseleg kaffistund med henne. No blir det vel TV og strikketøy resten av kvelden. Men det er no heilt OK.

Ønsker alle ei god helg.

torsdag, april 11, 2024

Dagbok 2024:11.april



Klokka er no 16.02, temperaturen ute er + 10 grader og det silregnar. Slike dagar har ein det best inne, og det er der eg er. Eg har ikkje vore så langt som ut på trappa i dag, men når eg er ferdig å skrive skal eg ut og hente litt ved og fyre opp i omnen ei lita stund.Då kan eg strikke til dømes- 

I dag har eg altså vore heime, og her har eg jobba ganske mykje. Eg har vaska og rydda kjøleskapet, og så tok eg alle skuffer og skapa i kjøkkenbenken på den sida. Elles så blir det fredagsvask i morgon. Eg må komme i rute igjen.

Viss det blir fint ute-ver snart, så er det godt alt som er gjort inne. Og så er det heilt ok å drive med slikt så lenge ein ikkje lengtar ut i sola. I går gjekk eg ikkje tur på Vernet, og eg trur ikkje eg kjem meg ut i dag heller.

Etter at eg hadde vaska frå meg, laga eg god middag til meg sjølv. Det var kyllinglår med ris, grønsaker og mango chutney. Etter måltidet sette eg meg inn i stolen min og sovna med TV-en på. Eg vakna av at nokon kasta snøball på vinduet....dette vinduet har ofte noko å oppklare, det heiter TV.

Eg har også spansk-time med meg sjølv kvar dag, men i dag var der lite spansk på Reels.Eg plundrar med å få legge bilde på bloggen min, av og til går det bra, men ikkje kvar dag. Eg må få ordna opp i denne maskina mi.Eg har ikkje så mykje å fortelje i dag, det skjer ikkje all verda når eg er her heime åleine. Og det kan no vere like godt. I morgon fyller Anne Marie, systra til Nils, 89 år, eg kan no kanskje ringe til henne. Ho er på aldersheim i Gulen.


Dagbok 2026: 14.november

Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...