torsdag, mars 22, 2018

Dagbok 2018: 22.mars.

Bildet er tatt klokka 15.45

No er klokka 22.30, temperaturen er + 1 grad C, det har vore lettskya og relativt mildt i dag. Men i kveld frys det på.
Då eg vakna og stod opp i dag, tykte eg at eg var litt betre i foten, så eg fekk i alle fall støvsuga i dag-ikkje alle dagar eg gjer såpass. Men etter kvart var eg ikkje fullt så bra. Ragnhild kom og køyrde meg ut på Heimen klokka 16.00, og då var eg innom Kiwi og fekk tak i tablettar.
Nils var ikkje så sprek i dag som han har vore siste veka, han var trøtt og slapp, men klar i hovudet. Og han åt. 
Eg hadde nok gått heim att relativt tidleg om eg hadde kunna gå, men eg veta på at Håkon og Birte skulle køyre meg heim. Dei kom frå Fosnavågen.
Då eg kom heim stod telefonen og blinka, og eg kjende straks att nummeret og ringde opp att til Rasmus. Dei vil komme ein tur heile gjengen, truleg kjem dei på mandag. Eg la korta på bordet og sa at eg var rimeleg handikappa, men dei ville komme likevel. Rasmus vil no hjelpe til med alt mulig, og det veit eg at han gjer. Ikkje minst kan han køyre fram og tilbake.
Eg er den typen som vil at alt skal vere på stell når vi får besøk, men no lyt eg berre ikkje bry meg om husmoræra.
Eg veit ikkje om eg vil seie noko til Nils på førehand, for eg er redd han kan egse seg opp, det skal ikkje så mykje til.
Eg forstår veldig godt at Rasmus og familien vil besøke Nils no, og då er dei nødde til å komme i ei langhelg, sidan dei er så langt borte.
I morgon kjem Solveig ein tur, og laurdag kjem vel Margrete med diverse heimvende barn. Ja, dei får ta det som eg har det. Ikkje så sprekt for tida. Men eg er sjølvsagt glad for å få besøk av barn og barnebarn. Uansett.

onsdag, mars 21, 2018

Dagbok 2018: 21.mars

Klokka er22.15, temperaturen er + 2 grader, det er slapsete, vått og trasig vêr. Men om eit par dagar skal vi få sønnavind og då smelter vel snøen.
I dag då eg stod opp, tykte eg foten min var aldri så lite betre, men så snart eg skulle gå litt, var det krise. Har ikkje tatt mange tablettar i dag, men tok ein som var litt sterkare som eg hadde på lur, og det hjelpte. Fann ut at eg var lens for Paracet, enda så mykje eg har kjøpt. Eg trur framleis at eg har eit lager ein stad, men lånte nokre med ein sjukepleiar på Heimen i kveld. Eg vart nokså hjelpelaus no når eg ikkje lenger kan gå, før stakk eg berre innom nærbutikken når det var noko eg trong. No har eg vore låk i foten i nesten ein månad-det er ikkje til å tru! Men eg har ikkje tatt medisin meir enn ei veke. Så det er enno håp.
Men Nils fekk nokre betre dagar enn vi hadde  våga å håpe på. I dag var han vaken og kjekk, og ikkje surra han så mykje heller. No får han ikkje morfin, og det gjer at han held hovudet klart. Han ser TV og interesserer seg for både eitt og hitt. Ja, no trur eg sjølvsagt ikkje at han blir frisk, men han føler seg bra og har ikkje smerter. Han blir fort sliten, men i dag tok han imot besøk av ein nabo.
Samme naboen køyrde meg ut på Heimen i dag, men så tok eg Taxi heim att. I kveld hadde eg ein sjåfør som hadde sin første arbeidsdag i drosjenæringa. Kjekk gut! Det går fint! Men i morgon har eg skyss både fram og tilbake, så då kan naboane slappe av.
Eg kan ikkje late vere å irritere meg over at eg skulle bli "fotalause" akkurat no. Eg får ikkje gjort noko her heime heller, til nød kan eg vaske klede og ta ut or oppvaskmaskina. Lukka er at eg ikkje har det vondt når eg sit i ro. Både i går og i dag har eg prøvd å strikke litt, men då får eg vondt i skuldra......Ja, ja, det er ikkje så farleg sidan eg ikkje skal gå på hendene.


Bok nr.8 - 2018: Dødsrytteren

Dødsrytteren (lydbok) av Øystein Wiik

«Dødsrytteren» er den syvende boken i serien om Tom Hartmann. Det er oktober 2016. Tom Hartmann er på sitt avgjort siste oppdrag for etterretningstjenesten. Nå sitter han utålmodig i operaen Linz i Østerrike. På scenen spilles "Blodsjøen", et gjestespill fra Nord-Korea, ment for å myke opp Vestens inntrykk av det koranske diktaturet. På samme rad sitter en representant for den nord-koreanske regjerigen, samt han de kaller "generalen". Tom venter på signalet. Nå er det like før han og hans kolleger går til aksjon. Samtidig svever den store nakne kroppen til forretningsmannen Wilfred Strandlie ned fra en av de øverste balkongene på Grand Hotell i Oslo, treffer kanten på en baldakin før den deiser i Karl Johan-asfalten med et guffent klask. Selvmord, konkluderer politiet. Men Cathrine Price får mistanke om at Strandlie fikk litt hjelp i svevet. På samme tid står nord-koreaneren Kang i Longyearbyen på Svalbard og venter på containerskipet med utstyr til Nord-Koreas første fiskemottak på Svalbard. Kang er nervøs og klam i hendene: Han vet at sjefene hans har større planer for Svalbard enn et skarve fiskemottak. Mye større planer.
................................................................................
Det er noko som heiter "Romatisk komedie" i filmsjangeren.
Denne boka burde ha vore filma i sjangeren " Kriminell komedie"
Eg vil ikkje "anmelde" boka, men Øystein Wiik sine bøker blir villare og villare, og her er det heilt vilt. Mykje dramatikk og mykje "drit og lort", som Lothepus ville ha sagt.

tirsdag, mars 20, 2018

Dagbok 2018: 20.mars

Klokka er22.15, temperaturen  er 0 grader C og det har kome meir snø. Då eg stod opp i dag såg eg at heile tunet vårt var mòka reint for snø utan at eg hadde vakna av den grunn. Ikkje visste eg kven som hadde gjort det heller, men no veit eg at det var Helge. Sender ei stor takk til han.
I dag hadde eg ikkje avtale med nokon som eg kunne få sitte på med ut til Heimen, men heimturen var grei, for då skulle Håkon komme. Etter kvart fekk eg tilbod på Messenger, men det eg ikkje visste før i kveld var at eg hadde avtalt med to forskjellige. Skreiv meldingar fram og tilbake til begge utan å registrere at dei var to. Det vart til at eg sat på med Solveig og Gudmund i dag. Eg synest det er veldig flaut å utnytte naboane slik eg gjer, men akkurat no har eg ikkje så mange andre måtar å komme meg ut til Nils på.
Han har forresten vore veldig kvikk og kjekk siste dagane, samanlikna med slik han var førre veka, då han berre sov. Han var ferdig med middagen då eg kom, og etter at vi hadde prata litt, tok han seg ein middagslur. Så såg vi på TV etc. til  Håkon kom og henta meg litt før klokka 21. han vart med meg heim og eg fekk han til å skrue ned lampekuppelen på utelampen, så eg fekk sjå kva slags pære eg skulle kjøpe.Vi sat og prata litt før han reiste heim til Volda. Han går på eit kurs her i Ørsta tysdag og torsdag, så dei dagane køyrer han meg heim.
Eg håper no på å bli bra i foten på sikt, i dag meinte eg at det var litt betring i kneet, men eg er ikkje sikker .Det er bra når eg sit i ro, men eg får ikkje gjort nokon ting. Tek både smertestillande og andre tablettar.
I dag ringde Einar frå Alta, og det var kjekt. Nils greier ikkje så godt å snakke i telefonen, så derfor ringde Einar til meg og fortalde ymse som eg kunne bringe vidare. Nils har veldig omsorg for Einar og er spent på jobben han har no, for NRK i Finnmark. Han jobbar både med TV og radio.Eg har høyrt han på DAB-en som eg har på når eg et frokost.
No skal eg finne meg litt kveldsmat og så blir det vel strikketøy og TV resten av kvelden.

mandag, mars 19, 2018

Dagbok 2018: 19.mars


Klokka er 21.35, temperaturen er +1 grad og vi har fått litt snø, eller sørpe eller kva ein skal kalle det. Blir vel ikkje så lenge liggande.
Eg meinte det med det same eg stod opp i da at foten/kneet var litt betre, men når eg begynte å gå litt, var det ikkje sprekt. Eg sat det meste av føremiddagen, ved datamaskina og med strikketøy. Det einaste fornuftige eg fekk gjort var å bake brød.
Eg fekk melding frå både den eine og den andre som ville køyre meg i dag. Eg synest det er greitt ar eg får vere med dersom dei har andre ærend. Ragnhild køyrde meg ut på Heimen klokka 16, ho hadde eit ærend til Vik, og Gudmund køyrde meg heim etter å ha køyrt dottera si til flyplassen.
Nils var ikkje verken dårleg eller i storform i dag, og han har litt problem med å halde styr på kva som skjer eller skal skje. Men i kveld var det eit problem om skreifiske i Lofoten på TV som han vart litt interessert i. Det er greitt å sjå TV og prate om det vi ser der, for då rotar det seg ikkje så lett til. Han synest det er greitt at eg går heim att om kveldane for han har det godt , seier han. Ja, eg kan ikkje anna enn å takke og prise fordi vi har sjukeheimen, og for at han kan og vil vere der. Når eg er der frå 4-9, er det lenge nok for han no. Då han var friskare og sterkare kunne eg godt vere der lenger. No har eg sett på ein klesvask, og så skal eg ha meg litt mat før eg set meg med beina høgt.
19. mars var bestemor Hilda sin fødselsdag, så då tenkjer eg på henne.

søndag, mars 18, 2018

Dagbok 2018: 18.mars



Klokka er 15.30, temperaturen er +2  grader C, det er skya, men noko snø har vi ikkje fått enno. Eg venta liksom å vakne til nysnø i dag. Etter så mange dagar med sol og varme inne i huset,, vart det litt råkaldt i dag, så eg måtte kveike opp i omnen.
Heile føremiddagen har eg vore heime åleine og gjort så å seie ingen ting. Har vore mykje på data, høyrt litt lydbok og strikka litt. Det har vore bra for kneet, eg har ikkje verkt så mykje, men når eg skal til å røre på meg blir det vel krise igjen. Fekk forresten ein hyggeleg telefon frå ein tidlegare kollega.
Marit skal køyre meg ut på Heimen i dag, og Audun hentar meg i kveld. Så ingen treng å bekymre seg for meg- i alle fall ikkje i dag. Eg har mange gode hjelparar.
Denne isen er gammal og tjukk.


Kl.21.15: No er det 0 grader ute og det har kome litt snø. Audun køyrde meg heim i kveld. Han og Øystein var ein tur til  Ørsta for å besøke Nils og for å hente bilen vår. Audun skal få ha den mens han er heime eit par veker. Han skal bu heime i leilegheita si mens han skriv ei oppgåve.
Marit køyrde meg ut til Nils, som var i bra form i dag også, og i bra humør. Vi prata litt før vi sov middag. (Eg las lydbok). Elles såg vi litt TV etc. før Hareids-karane kom. Nils var i godt humør og rota ikkje mykje i dag. Han får ikkje morfintablettar no, så eg trur det er derfor han rotar mindre. Ja, at han skulle bli såpass bra igjen hadde eg ikkje trudd, så dårleg som han var for nokre dagar sidan. 
Eg verkte ikkje så mykje i foten så lenge eg sat i ro, men så snart eg går litt, er det same elendet.

lørdag, mars 17, 2018

Dagbok 2018: 17.mars

Klokka er 21.45, temperaturen ute er minus 6 grader C, men eg ser på data at det skal komme snø dei neste fire dagane. ?
Sov ikkje særleg godt sist natt, det kneet mitt er heilt umulig, eg må ta ganske mykje smertestillande i tillegg til den betennelse-hemmande tabletten. E er relativt bra så lenge eg sit i ro,  eg skal ikkje gå mange stega før eg får problem.,men eg snakka med ei ute på Heimen i dag og ho sa at det kan gå ei tid før tablettane verkar. Ja, det er lov å håpe. Eg hadde vel ikkje fokusert så mykje på problemet om det ikkje var for turane ut til Nils.
I dag fekk eg melding frå Margrete om at ho ville komme, og mens vi sat og drakk kaffi, kom Solveig også. Så eg fekk ei kjekk stund i lag med jentene. Dei køyrde til butikken så eg fekk handle før vi for ut til Nils.
Han var overraskande vaken og klar i toppen i dag, så Solveig trudde nesten ikkje sine eigne auge. Etter at jentene hadde fare, sovna han og sov i nærmare to timar, mens eg las lydbok. Då han vakna var han meir i villreie, eg trur han drøymer mykje, så han trur han er med på meir enn det som er realistisk. Men eg seier det til han at det er kjekt han opplever så mykje mens han søv. Det skjer ikkje så mykje elles.
Eg gjekk frå Heimen i 9-tida, då plar dei komme å stelle han til natta, så då kan eg like godt gå. Men i kveld ville han pusse tenner, det er ei stund sidan sist han orka det. 
Eg hadde ingen avtale om henting så eg tok Taxi heim i kveld også, samme bilen som i går, og han var ikkje så redd for å sleppe meg av på glattisen. I motsetnad til Solveig. 
Då eg opna FB såg eg at Håkon hadde bode til å køyre meg heim, men eg hadde ikkje sett meldinga.
Elles oppdaga eg at utelyset var sløkt, så der må det nok ei ny pære til. Trur eg vil be ein av gutane om å skifte den, trur ikkje eg har slike pærer i hus heller, så vi må nok ta ut den gamle og sjekke den.
No skal eg rydde litt opp i huset, og så skal eg ete litt. Eg et ikkje kveldsmat på heimen, for eg synest det er kjekt å sitte og kose meg med litt mat når eg kjem heim. Og det er godt å komme heim så pass tidleg at eg får roe ned litt.

Dagbok 2026: 14.november

Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...