onsdag, mars 21, 2018

Dagbok 2018: 21.mars

Klokka er22.15, temperaturen er + 2 grader, det er slapsete, vått og trasig vêr. Men om eit par dagar skal vi få sønnavind og då smelter vel snøen.
I dag då eg stod opp, tykte eg foten min var aldri så lite betre, men så snart eg skulle gå litt, var det krise. Har ikkje tatt mange tablettar i dag, men tok ein som var litt sterkare som eg hadde på lur, og det hjelpte. Fann ut at eg var lens for Paracet, enda så mykje eg har kjøpt. Eg trur framleis at eg har eit lager ein stad, men lånte nokre med ein sjukepleiar på Heimen i kveld. Eg vart nokså hjelpelaus no når eg ikkje lenger kan gå, før stakk eg berre innom nærbutikken når det var noko eg trong. No har eg vore låk i foten i nesten ein månad-det er ikkje til å tru! Men eg har ikkje tatt medisin meir enn ei veke. Så det er enno håp.
Men Nils fekk nokre betre dagar enn vi hadde  våga å håpe på. I dag var han vaken og kjekk, og ikkje surra han så mykje heller. No får han ikkje morfin, og det gjer at han held hovudet klart. Han ser TV og interesserer seg for både eitt og hitt. Ja, no trur eg sjølvsagt ikkje at han blir frisk, men han føler seg bra og har ikkje smerter. Han blir fort sliten, men i dag tok han imot besøk av ein nabo.
Samme naboen køyrde meg ut på Heimen i dag, men så tok eg Taxi heim att. I kveld hadde eg ein sjåfør som hadde sin første arbeidsdag i drosjenæringa. Kjekk gut! Det går fint! Men i morgon har eg skyss både fram og tilbake, så då kan naboane slappe av.
Eg kan ikkje late vere å irritere meg over at eg skulle bli "fotalause" akkurat no. Eg får ikkje gjort noko her heime heller, til nød kan eg vaske klede og ta ut or oppvaskmaskina. Lukka er at eg ikkje har det vondt når eg sit i ro. Både i går og i dag har eg prøvd å strikke litt, men då får eg vondt i skuldra......Ja, ja, det er ikkje så farleg sidan eg ikkje skal gå på hendene.


Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 27.mars

Klokka er no 17.45, temperaturen ute er+ 9 grader, men det er overskya i dag, så det er ikkje så fint som det var i går. Eg sov godt sist na...