torsdag, februar 23, 2017

Dagbok 2017: 23.februar

Klokka er 17.45, temperaturen så vidt litt under 0 grader og vi har fått ny snø. Fin og lett var snøen då han kom, så får vi sjå om den blir liggande eller om den renn vekk. Naboguten kom og moka heile tunet tidleg på dag, seinare kom det meir snø. Men for meg hadde det ikkje noko å seie, for eg hadde bestemt meg for å halde meg heime i dag. Verkte så grassat i hofta sist natt at eg ikkje fekk sove til tross for ein rikeleg dose tablettar. I tillegg var eg sår i halsen. Sovna til slutt då det nærma seg morgon og det var ikkje akkurat tidleg eg stod opp.
For hofta si skuld ville eg halde meg mest muleg i ro for å sjå om det hjelpte. Eg har snakka med Nils i telefonen fleire gonger, han ringer når han vil prate litt. I dag var han godt fornøgd; han hadde fått rom for seg sjølv og TV- det siste var veldig viktig, for han likar å følgje med på sporten. Elles hadde han fått i seg bra med mat. Han får medisin som hjelper både for det eine og det andre. I går hadde han også rom for seg sjølv då eg var der, men så fekk han inn ein kamerat om kvelden. Det var ingen suksess. Ein av naboane ringde og tilbaud meg skyss, men i dag takka eg nei.
Det er ikkje så ofte eg kjedar meg, for eg finn alltid noko å gjere, men i dag skulle eg verken gjere husarbeid eller "vandre" så det vart litt tamt. Hadde nokre telefonar i "embets medfør" og gjorde ferdig eit lestepar. No ventar eg på at Solveig skal komme med garn til meg, for no er eg lei av å strikke "reste-lester". Solveig og Einar kjem innover fredag og laurdag, ein av dei kvar av dagane.
Mens eg strikka høyrde eg lydbok, men eg syntest heile tida det var noko kjent med boka. Eg hadde rettnok sjekka bloggen og funne ut at eg ikkje hadde lese den, men etter kvart vart tvilen så stor at eg måtte sjekke igjen- og då fekk eg treff. Det er ein kriminalroman og dei er til forveksling så like, mange av dei, at det gjer ikkje så mykje om eg les den om att.
Eg var ut på altanen og skuffa vekk noko snø, så den ikkje frys til slik som førre gongen vi hadde vinter.
Har ikkje laga meg noko spennande mat i dag, prøvde ei "rett i koppen" -suppe som vi hadde liggande, men den var ikkje så spennande.
Håper eg er meir frittgåande i morgon, for eg er litt for frisk til å slappe så mykje av, men eg har forkjølinga i meg og vil ikkje smitte folk.


onsdag, februar 22, 2017

Bok nr. 9 - 2017: Nøtteskall.

Nøtteskall av Ian McEwan (Lydbok-CD)
«Nøtteskall» er en klassisk beretning om mord og bedrag - med en svært original tvist - fra en av fortellerkunstens største mestere.

Trudy bedrar sin ektemann, John. Men ikke med hvem som helst. For mens John forsøker å vinne sin kone tilbake med poesi og kjærlighet, tilbringer hun dagene i ektesengen med hans bror, Claude. Sammen legger Trudy og Claude en utspekulert plan for å bli kvitt John en gang for alle. Lite vet de at planene blir bevitnet av en tredjepart - det snart ni måneder gamle fosteret i Trudys mage. Alt er lagt til rette for et kammerspill av det sjeldne.
.........................................................................
Så har eg endelig kome gjennom dei fire CD-platene. Hadde eg hatt anna lesestoff, hadde eg gitt opp før.
Forteljestemma i boka kjem frå eit barn i mors liv. Barnet er vitne til at mora og onkelen planlegg å drepe faren........say no more.
I tillegg blir boka, der handlinga er lagt til England, lese for fort av ein nordlending med tydeleg nordnorsk tonefall
Absolutt ikkje anbefalt.

Dagbok 2017: 22.februar




Bilda er tatt frå altanen klokka 10.30 i dag, men vêret vart ikkje så fint som det såg ut til. No er klokka 18.30, og det regnar ute, temperaturen er +3  grader C, så vi kan ikkje klage. Tidlegare i dag var den oppe i +7.
I dag sette eg brøddeig rett etter frokost, så brøda var ferdigsteikte før eg reiste ut til Nils klokka 12.30. Ein av naboane køyrde meg i dag, sidan eg skulle ha med meg laptoppen. Vi fekk ha rommet åleine i dag, eg hjelpte til å ommøblere, og han fekk inn TV. Eg var der til han var ferdig å ete middag, og heim att gjekk eg. Då var klokka ca 16.30. Eg fekk ordna med så ymse mens eg var der og vi såg TV, sjekka FB osb. Etter at eg kom heim ringde Nils og fortalde at han fekk ein ny romkamerat. Vi var litt skuffa over det; håper berre at det er ein som vil sjå ski-VM. Jørn hadde besøkt han i dag og fortalt om fiskeria sine. Nils likar å høyre om fiskefangstar sjølv om han ikkje får fiske sjølv. Han får så mykje medisin at han er relativt bra, men må få tablettar for å halde feberen borte, så frisk er han ikkje. Men forkjølinga var ikkje så plagsom i dag. Eg har fått Rasmus til å fylle på mobilen hans med pengar slik at han kan ringe til dei han vil prate med. Eg åt nybakt brød med sild og egg då eg kom heim, det var middagen min i dag. Heilt OK for meg.



I dag fyller nest eldste barnebarnet 27 år. Han vart fødd på farfaren sin 75-årsdag. I dag fekk dottera til broren til Øystein ei lita jente, som vart fødd på oldefaren sin fødselsdag.(Han er død for mange år sidan) Elles kan eg nemne at broren til Øystein, han som vart bestefar i dag er fødd den 22.august, og eldste dottera er fødd same datoen.
Audun som enno er i kongens klær har altså bursdag i dag, men eg veit ikkje kvar han feirer dagen. Ikkje på Heidi`s Beerbar i alle fall- for Ingeborg er i London

                                       
Gratulerer med dagen , Audun!

tirsdag, februar 21, 2017

Dagbok 2017: 21.februar

Klokka er19.35, temperaturen er + 2 grader C og i dag tidleg var snøen komen langt nedetter fjellsida. Det er kanskje derfor hofta har vore litt plagsom, den fungerer som vêrmeldings-stasjon.
Av talen var at Solveig skulle komme innover i 12.tida i dag, men ho kom litt før. Føremiddagen gjekk fort, og det var ikkje så mykje eg fekk utretta, men eg fekk i alle fall skrive eit lite avisinnlegg. Eg hadde ein del ærend i dag, så eg var glad for at Solveig gjerne ville innover. Kjøkkenet skulle gjerast ferdig i dag, så ho syntest det var greitt å komme seg ut av huset. Og for eit kjøkken! Eiketre-skap etc., stein benkeplater og eikeparkett på golvet, snakk om høg standard. Ho kjem nok til å legge det ut på bloggen sin  etter kvart.
Vi var først på biblioteket der eg lånte tre lydbøker, men fann ut at eg hadde lese den eine før-då eg skulle til å rippe.
Eg hadde ærend på apoteket og på parfymeriet på AMFI. Og så var vi sjølvsagt opp til Nils. Han var blitt dyktig forkjøla, sår hals og hoste m.m. Han hadde i grunnen nok utan forkjølinga. Har nettopp snakka med han i telefonen, han har ikkje feber, men ligg for det meste i senga. Romkameraten skal reise til Vartdal i morgon, og då spørs det om han får rommet åleine. Sjukeheimen er full av eldre folk med influensa, blant anna, og dei tilsette går med munnbind. Men Nils vil i alle fall ha ut laptoppen sin i morgon slik at han får sjå skisport på den. Når han ikkje har TV får laptoppen duge.
Solveig og eg var ein tur på Føniks og fekk oss litt mat og kaffi etter besøket.
Etter at Solveig reiste ut att vart eg sittande å rippe lydbøker, mens eg strikka og hadde ei lydbok på øyret, såkalla multitasking, så no er det håp om at eg kan få lese ut ei heilt sprø bok som eg har slite med ei stund. Men då er det på tide å kome seg inn på stova og sjå litt TV-kanskje.

mandag, februar 20, 2017

Dagbok 2017: 20.februar

Klokka er 20.00, temperaturen +6 grader C og det regnar. Noko til vinter! Men eg er komen opp i den alderen då ein synest det er greitt å sleppe snø og glatte vegar, sjølv om eg gjerne kunne tenkt meg litt sparkeføre.
Føremiddagen i dag gjekk stort sett med til klesvask og stryking , pluss litt anna husarbeid.
Nils ringde etter legevisitten og sa at han skulle overførast til sjukeheimen i dag. Seinare ringde han igjen og sa at han skulle reise med ambulanse frå Volda klokka 16.00. Eg tok tidspunktet med ei klype salt.
Sidan eg skulle gå i dag, kunne eg ikkje ha med meg så mykje. Eg ville også sjå det an, kva han trong, og kva han ønskte eg skulle bringe han.
Nokre småting hadde eg alt i veska, men etter at eg hadde leita huset rundt etter ein kam, bestemte eg meg for å legge turen om Kiwi for å kjøpe kammar så vi hadde ei stund. Eg leita i hyllene med tannbørstar, barberhøvlar deodorantar og desslike, men måtte til slutt spørje betjeninga etter kammar. DET hadde dei ikkje, så eg kjøpte berre nokre bananar, ikkje at det erstattar kam altså.
Eg var på sjukeheimen klokka 16.00 til tross for at eg nesten gav opp på vegen, hofta mi slo seg fullstendig vrang i dag. Hadde tatt eit par tablettar før middag, men hadde ikkje tatt med fleire.
Det kom seg noko når eg fekk sitte og kvile ei stund. Eg trefte ei dame frå Vartdal som eg kjenner, så eg hadde henne og eit par til å prate med mens eg venta, for Nils var sjølvsagt forseinka. Klokka vart 17.30 før han kom, og då var han ganske sliten og groggy. Han hadde ikkje fått så mykje nattero sist natt og så var det den lange ventetida.
Vi hadde gledd oss til at han skulle få einerom med TV; det vart ei ekstraseng- men rettnok på eit einerom. Ikkje ei einaste stikkontakt ved senga viste tydeleg at rommet ikkje var berekna for meir enn ein. Den andre mannen var grei nok, han var der fordi han hadde brote lårhalsen, så han er ikkje sjuk i den forstand, men han høyrde veldig dårleg.TV var det ikkje tale om å få plass til.
Eg sat der så lenge til Nils hadde fått i seg ein kopp suppe (rett i koppen) + ei skål med havregraut/-suppe. Næringsdrikkar hadde dei ikkje, men det skulle dei skaffe i morgon. Eg tok ikkje med heimanfrå, for eg rekna med at han fekk der. Det angra eg litt på, men bananer inneheld også mykje næring.
Han var så trøtt at eg let han få fred så han kunne få seg ein blund. Eg gjekk heim att og hofta heldt!
Nils ligg på samme avdelinga som sist, første rommet på høgre hand, bilde av ei sol på døra.

søndag, februar 19, 2017

Dagbok 2017: 19.februar

Klokka er 20.15, temperaturen ute er + 6 grader, og det regnar.
Det er mindre enn ein time sidan eg kom att frå Volda, men så måtte eg innom FB, og så kom det ein telefon etc. så  tida går litt ifrå meg.
I dag skulle eg få sitte på med nokre naboar til Volda, dei ville besøke Nils. Det er kjekt at Nils får besøk av andre enn meg, men eg vart der litt lenger og tok bussen heim. Det er godt å få litt frisk luft og mosjon også. Eg brukar mindre enn ein halvtime å gå frå sjukehuset og ned på busstasjonen, og då går eg ikkje fort. Så fekk eg turen frå busstasjonen her og heim att, så det vart ein passeleg tur i dag.
Føremiddagen vart litt lengre enn vanleg sidan eg fekk skyss, så eg fekk gjort litt husarbeid før eg fór.
Bytta på sengene og vaska soverommet, blant anna.Ikkje så stor skilnad på helg og yrke her i garden.
Eg laga smoothie til Nils og hadde med på eit sylteglas. I dag brukte eg eplejus som var lite søt +jordbær, bringebær og banan (ferdig blanding) Den gjekk ned på høgkant, men han må vere litt forsiktig med kva han har i seg no når han går på penicillin. Han kan bli dårleg i magen.
Elles hadde han ete middag i dag, skikkelig sosakjøt ! Det var bra. Men brødskiver vil han ikkje ha, eller noko anna som er tørt. Det går mykje i supper og næringsdrikkar.
Han har ei lita søt jente som passar godt på han. Ho kjem ca. kvart 5.minutt og spør om det er noko han vil ha, eller måler blodtrykk, temperatur, sukker etc. etc. Ho snakkar stavangerdialekt, men kjem opprinneleg frå Tyrkia, så i dag fekk eg teste "tyrkisken" min. Trur ho er sjukepleieelev.
Fiskekameraten Kjell ringde og spurde om eg ville ha kvitlange, han hadde fiska i dag, og sjølv et han ikkje den fisken. Han veit at vi likar den, men i dag takka eg nei. Ser ikkje for meg at eg skal koke fisk berre til meg sjølv.
Men no må eg ut og raide kjøleskapet og sjå om eg finn noko eg har lyst på.

lørdag, februar 18, 2017

Dagbok 2017: 18.februar

Klokka er 18.05. Temperaturen er + 6 grader C og det regnar. Ja, vi får no finne oss i det etter alt finevêret. Eg har vore "dagvill" heile veka, og i dag var eg komen til sundag. Men så tok eg og vaska litt her og der for å overtyde meg sjølv om at det var laurdag.
Solveig skulle komme innover, ho reiste frå Hareid klokka 13.00, og Margrete skulle komme oppom om lag på same tid. Det var greitt. Den store overraskinga var at Ingeborg var komen heim, og hadde med seg ein nydeleg rosebukett. Ho hadde vore og besøkt Nils i går før eg var der, men det skulle vere hemmeleg for meg. Solveig kom med ein nydeleg duftranke, som eigentleg var morsdags-gåve.
Så reiste vi alle fire til Volda og besøkte Nils, så i dag var det vi som fylte opp rommet. Nils var ikkje så bra i dag som han var i går, dessverre. Han hadde hatt feber tidleg på dag, men den var borte då vi var der. Dei finn ikkje ut kvar rota til det onde sit-det har dei ikkje gjort dei andre gongane heller. Eg trur ikkje infeksjonen har vore heilt borte i det heile tatt. No driv dei og granskar alt som granskast kan, så det er uvisst kva tid han slepp ut av sjukehuset. Eg synest det er tryggast han er der til han er betre. Men eg skulle ønske han slapp å vere på 4-mannsrom. I dag hadde han glede av å følgje med på skiskyting på TV.
Solveig og eg hadde oss ein runde på Amfi, kjøte litt mat og nokre småting. Denne veka har Solveig vore på Molde i to dagar og elles hatt mykje å gjere. Komande veke er det vinterferie, så då blir det kanskje fleire turar innover.
Eg var svolten då eg kom heim, men no har eg fått meg eit skikkeleg måltid mat. MIN appetitt er det ikkje noko i vegen med.



Dagbok 2026: 14.november

Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...