søndag, oktober 30, 2016

Dagbok 2016: 30.oktober

Klokka er snart 17.00, men det har vore mørkt lenge. Eigentleg har det vore nokså mørkt i heile dag. Ute er det skodde og regn, men det er ikkje kaldt og ikkje snø, så noko positivt er det.
I dag vakna eg av at eg verkte noko infernalsk i eine armen, og i ryggen og hofta. Armen blei fort bra då eg fekk leda litt på meg, men resten av kroppen er ikkje bra. Eg skuldar på gikt, sidan det er så vått i vêret. Nok om det.
Det har vore ein svært roleg dag her, Nils har for det meste slappa av, men eg tok og laga ei gulrotkake før middag, det er ikkje bra å sitte for mykje i ro. Dessutan hadde eg nokre store gulrøter på lager- eg raspar for hand og då er det ein fordel. Elles har eg lese litt, og strikka litt, men kan ikkje sitte for lenge om gongen. Det er heilt utruleg at eg har vore så bra heile sommaren-trur eg skulle klipt plenar heile året -så hadde eg vore i betre form.(Eg skal ut og samle opp lauv med klipparen viss det blir tørt og bert igjen. Kan ikkje fordra å rake).
Til middag i dag hadde vi resten av suppa vi kokte førre sundag, skulle eigentleg hatt den i går, men då gjekk vi på kafé. Eg er ikkje så glad i oppvarma mat, så ein annan gong lagar vi ikkje så mykje.
Nils har lettare for å få i seg suppe og liknande mat enn det som må tyggast. Eg prøver å få i han mest mulig egg, og i dag hadde vi bløtkokte Hareids - egg til frokost. På Coop får dei inn ferske egg frå Hareid kvar dag. Då åt han to-dei var ganske små. Det er litt uvanlig for meg å lokke mat i han, for han har alle tider hatt ein glupande appetitt. Faren er at eg kan få litt for mykje i meg sjølv.
Det var lyst då vi stod opp til normaltid i dag, men så mørkna det tilsvarande tidleg. Det er mange som ønsker seg sommartid heile året-særleg når ein er yrkesaktiv.
Eg vart glad då Knut Anders Sørum vann Stjernekamp i går. Den siste songen han song er noko av det finaste eg har høyrt. Det same sa ein av dommarane. Coldplays "Fix You" var fantastisk. Nicoline var også utruleg dyktig og eg vil tru at ho appellerte meir til dei unge, men ho har mange år framfor seg til å bygge opp ein karriere, det hastar meir for Sørum. Det var høgt nivå på kampen i år.
Ja, vi er ikkje så ofte på konsertar og andre tilstellingar for tida, så då blir det å ty til fjernsynet, og der er no litt for ein kvar smak. I alle fall i helgane. Men det irriterer meg at programmet, både på data og på skjermen, ikkje stemmer. Eg skulle ta opp "Norge rundt" i går, men då var det eit heilt anna program som var nedlasta. Så skulle vi sjå ei reprisesending i dag,  det vart også feil. Men eg har sjølvsagt sett det på data opp til fleire gonger. Artig å sjå Rolf og barnebarnet Lisbeth på skjermen. Det er ikkje vanskeleg å sjå at Rolf er bror til Nils.
Eg har eit lite lager av opptak liggande i tilfelle eg ikkje finn noko av interesse. "Skal vi danse" ser vi på hurtigspoling, så slepp vi alt pratet.

lørdag, oktober 29, 2016

Dagbok 2016: 29.oktober.

Klokka er snart 19.00 og det er duka for ein lang TV-kveld. Eg er veldig spent på kven som vinn Stjernekamp, og heiar sjølvsagt på Knut Andres Sørum, slik eg har gjort nesten heile tida. Nicoline er også veldig flink, og eg har ein mistanke om at dei unge stemmer på henne- og det er dei som stemmer mest. "Skal vi danse?" tek vi opp og ser seint på kveld.
I dag har det vore grått og regnfullt ute, og vi var litt seine i avtrekket i dag. Men vi kom oss nedover for å handle på Amfi-det er det apoteket som trekker oss dit. I dag var der så fullt at det var som å gå MOT 17.mai-toget då vi gjekk inn.
Eg handla mykje mat, slik eg oftast gjer, må liksom ha det meste i hus.
Eg spurde Nils om han orka å køyre til Volda for eg skulle hatt ei ulltrøye eller to på Janus-butikken. Janus-fabrikken har faktisk ikkje flagga ut, men produserer i Norge.
Ja, han var klar, og så kom det spørsmålet som var heilt vanleg før når vi reiste over kommunegrensa:"Skal vi ete på Kina-restauranten". Det var som musikk i øyrene mine-ikkje fordi eg slapp å lage middag, men fordi han hadde lyst på mat!
I dag vart det ikkje så veldig kinesisk, for vi tok "dagens": Biffsnadder med bernaise saus, poteter og salat". Men det var faktisk godt. Eg tenkte stort sett på kaloriar og protein. Sidan vi tok dagens, fekk vi også kaffi. Kina-dama sa at det var så lenge sidan ho hadde sett oss. "E det bra med dokke?"
Eg fekk kjøpt meg ulltrøye og vi kjørte heim att. Kvar gong eg kjem heim frå handel blir eg litt irritert på meg sjølv fordi det er så mykje å sette på plass.
Elles har eg strikka ferdig ein lest, og begynt på nummer to-fekk mykje arbeid med Berlin-garnet for det er så tynt. Men det er no ikkje tvangsarbeid akkurat.
Vi har harr ein god dag i dag.

fredag, oktober 28, 2016

Dagbok 2016: 28.oktober.






Klokka er 19.30. Temperaturen er + 5 grader C. 
I dag har vi hatt all slags vêr: regn, litt vind, tordenvêr, hagl, snø i fjella; sol også faktisk. Og det var i ei av dei fine periodane bilda blei tatt. Trudde ikkje vi skulle få sjå att sola meir  dette året, men det fekk vi altså. Personleg er eg glad for all nedbør som kjem i form av regn - og ikkje som snø.
I dag var ikkje Nils så sprek som i går, det er slik opp og ned med dagsforma. Men han kom seg no ned på legesenteret og fekk tatt blodprøver slik planen var.
Eg brukte føremiddagen til å støvsuge alle teppegolva, og til å vaske klede, og legge dei i hop etter ein tur i trommelen. Ikkje råd å tørke klede ute no.
Middagen i dag vart veldig enkel: egg og bacon.
Vi venta Solveig og Olaug i 17- tida, så eg steikte sveler då tida nærma seg. Hadde eplekake og is i frysaren, så det vart kaffimaten i dag. Kjekt at Olaug tok seg tid å besøke besteforeldra mens ho var heime.
Eg har lege på sofaen innimellom i dag, for eg er plaga med smerter både i rygg, hofte, kne osb. Håper det er gikt, som går over etter kvart. 
Det er plagsomt nok, men ingen katastrofe. No blir det vel mykje TV resten av kvelden, Olaug og Solveig måtte heim før tunnelen vart stengt-den skulle visst vaskast.
Så ønsker eg alle ei god helg. Vi har ingen andre planar enn at vi må handle litt i morgon.
Og der ! fekk eg sjå Rolf, bror til Nils, på TV. Lisbeth var der også. Ho er dotter til Roar,  sonen til Rolf. Det var i "Norge rundt" -som eg sjeldan ser.

torsdag, oktober 27, 2016

Dagbok 2016: 27.oktober

Klokka er snart 20.00. Temperaturen ute er + 9 grader C, og det regnar. Det har vore meir eller mindre mørkt i heile dag og regnet har bøtta ned. På ein måte er det bra, for det var snakk om høge straumprisar etc. Vi treng regn også, og eg håper berre at det regnar skikkeleg no ei stund, og så kan det godt lette opp att. Men neste gong sola ev. kjem fram, får vi nok ikkje sjå henne i stova.
I dag før middag tok eg "fredagsvasken" på bad og kjøkken, slik eg plar gjere om torsdagane. Støvsuginga blir utsett til fredag eller laurdag.
Sidan vêret skifta har eg hatt problem med ryggen og hofta. Om det er vêret si skuld åleine, veit eg ikkje, for det vert meir stillesitting når eg ikkje kan styre på ute. Skuldra begynner også å trøble, på grunn av for mykje strikking, kanskje? Det er vel også gikt-relatert, kroppen min likar ikkje vått vêr.
No skal eg ikkje syte over bagatellar. Det er dei som har det verre. Til dømes Therese Johaug. No har eg site og sett nyheiter m.m. på TV. Sett korleis dei i Italia har hatt jordskjelv, krig i Syria , stadig fleire får kreft ...og mykje anna elende. Men det som har det verst og får sitte på TV og gråte i beste sendetid- er Johaug. Eg spyr !

Nils har hatt ein bra dag i dag, og har fått i seg mykje næring. For ein gongs skuld hadde vi middag i skikkelig tid-klokka 14.00. Maten var restar frå i går + nykokte poteter og gulrøter.. Eg åt nok litt for mykje sjølv ! Men stort sett passar eg meg for kaloriar.
I morgon får vi truleg besøk av Solveig og Olaug. Olaug er heime ein snartur og ville stikke innom.
Neste veke blir det mykje styr. Onsdag er det pensjonistmøte, torsdag får vi besøk frå kommunen i samband med at Nils snart er 80 år. Det er eit tilbod som vi kan takke ja, eller nei til. Men Nils tykte det var greitt. Fredag skal vi til Åse igjen.
Eg trudde ikkje det var nokon i slekta som hadde fødselsdag i dag, men så kom eg i hug Bjørnar! Gratulerer til familien ved Oselva på Eid.
Eg har så vidt begynt på boka til Ketil Bjørnstad, "Sekstitallet". Den er ganske lettlest, men er på heile 22 CD-plater, så det spørs om eg må ta pausar undervegs. Han skriv rett og slett om det som hende i Norge og verda i 1960- åra, slik han hugsar og opplevde det.(Men har nok innhenta litt kunnskap i tillegg)

onsdag, oktober 26, 2016

Dagbok 2016: 26.oktober

Dette er eit ungdomsbilde av Rasmus, truleg er det Margrete som er fotografen.Eg ser likskapar med den eine av gutane hans her.
 Bildet under er frå 50-årsdagen.


Klokka er 20.00 og temperaturen er + 8 grader, så det matcher bra. At det regnar er nesten uverkeleg , men eg kjenner det i heile kroppen. Eg toler kulde utan å verke, men regn er håplaust. Altså har ikkje dagen i dag vore så god slik sett.
Eg har forresten funne fram ei jakke som eg strikka til meg sjølv om lag på same tid som eg strikka genser og bukse til Eivind-altså må det vere minst 12 år sidan. Jakka har eg knapt brukt før, men no er ho komen til nytte. Ull er ull og det beste middel mot gikt.
Nils har ikkje vore i form i dag, det vart nok ein travel dag for han i går. Vi sov begge langt utover morgonen, og har ikkje vore så aktive seinare heller. Eg skreiv ein liten epistel til avisa på føremiddagen. Så var vi nedover ein tur, på butikk og bibliotek. Det var smått med lydbøker på biblio i dag, men eg kom no heim med Ketil Bjørnstads "Sekstitallet" på 22 CD plater. Er ikkje sikker på om eg kjem til å lese heile boka i eitt jafs.
Eg fann ut at vi skulle handle på Rema 1000 i dag, for der fekk vi så godt lammekjøt i fjor. Eg reagerte på prisane på butikken, ikkje akkurat på kjøtet, men mange andre varer var dyrare enn eg er vant til på Coop og Kiwi.
Eg sette kjøtet på kok då vi kom heim, og så laga eg eplekake i den store "gullforma ". Nils måtte legge seg nedpå ei stund, men stod opp att til middag. I dag vart det altså lammefrikassé- og den var god. Nils synest det er betre enn fårikål, enda vår variant er veldig enkel. Det er sausen som er så himmelsk god, og full av kaloriar......
Eg sovna på sofaen etterpå-med bok på øyret. Til vår unnskyldning kan eg seie at om vi er seint oppe om morgonen-er vi tilsvarande seint seng om kvelden, så det går opp i opp.
I dag er det to år sidan vi var i Kongsberg og feira Rasmus sin 50-årsdag. Eg har også ei veninne som fyller 70 år i dag, og dottera til Ellen Marie er 50 år i dag. Eg har inntrykk av at mange har fødselsdag 25. og 26.oktober.Håper Rasmus har hatt ein fin dag, men eg synest det er litt trist at han er så langt borte. Men så har dei jo Wenche sin familie nært, og det er eg glad for.

tirsdag, oktober 25, 2016

Dagbok 2016: 25.oktober


Klokka er 18.00, temperaturen ute er + 7 grader C og det er overskya, slik var det om lag då vi reiste heimanfrå på føremiddagen også. Etter kvart som vi reiste utover mot Moa vart vêret lysare og himmelen meir blå. Elles vart det ein nokså lang dag-når ein tenkjer på at sjølve konsultasjonane tok veldig kort tid.
Når vi reiser utover brukar vi å ta bussen som går frå Volda til Kristiansund kvar heile time. Det er veldig greitt. Oftast køyrer bussen ut til sjukehuset, men siste gongane vi har vore utover har vi måtta skifte buss på Moa, og då må vi vente 10 min. på å komme vidare. Det har resultert i at vi har vore litt for seine til eit par behandlingar, men det gjorde ikkje så mykje. Sidan han i dag skulle på røntgen og til legekonsultasjon måtte vi vere sikre på å komme presis, derfor tok vi ein tidlegare buss enn det som eigentleg var naudsynt. Og sjølvsagt - i dag køyrde bussen ut til sjukehuset, og dei som skulle til Kristiansund måtte skifte.
Vi brukte den ekstra tida til å få oss litt mat og kaffi i kantina før vi leita oss fram til røntgenavdelinga. Litt venting der, men sjølve røntgenbildet tek ikkje mange minutt. Så var det ned att til ortopeden og få dommen: Svulsten på hofta, det var det det galdt denne gongen, hadde ikkje vakse, heller minka. Beinet var ikkje meir skada enn før, så han kan berre gå på foten. OM han skulle bryte den, kan dei ta ein vanleg hofteoperasjon. (Slik som veldig mange gjer). Eg var med inn og eg trur det er bra, så får vi begge høyre det samme- og eg er fæl til å spørje.
Det passa utruleg dårleg med bussen tilbake, så vi tok ein lokalbuss inn til Moa og venta der i staden for i busskuret på sjukehuset. På bussturen heim sat eg rett bak sjåføren på eit høgare sete enn han. Det vart ein utruleg fin heimtur-eg hadde panoramautsikt. Og no har eg kome over buss-skrekken min. Det vart ein travel dag for Nils, så han måtte legge seg på sofaen ei stund. Vi må no snart lage oss litt skikkelig mat også.
Det er snakk om at bussane skal slutte å køyre ned til sjukehuset, men sette av pasientane ved hovudvegen. Har ikkje høyrt så gale! Dei fleste som kjem til sjukehuset er faktisk sjuke, og veldig mange har problem med å gå frå buss- stoppen. Det er store avstandar innafor sjukehusområdet, så det var betre dei hadde satsa på fleire stopp ved sjukehuset. Det blir dyrt for NAV om folk må bruke taxi i staden for buss.

Gratulerer med dagen, Svein!

Det er vanskeleg å finne bilde av bror min, enda så mange bilde eg har.Så dette har eg rett og slett saksa frå brudebildet. Svein fyller 75 år i dag, og er ca 1 1/2 år yngre enn eg. Eitt av dei første minna eg har om bror min, var at eg køyrde han i dokkevogna mi rundt spisebordet. Og at eg prøvde å knyte sløyfe i dei lyse krøllane hans.
Sidan vi var så jamaldra og jamstore i mange år, leika vi mykje i lag. Og det var heller ikkje fritt for at vi slost.
Dessverre kunne vi ikkje vere til stades og feire han i dag, men der er sikkert mange andre som har møtt fram. Håper at alle har hatt ein fin dag på Hildegard.

Dagbok 2026: 14.november

Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...