torsdag, oktober 27, 2016

Dagbok 2016: 27.oktober

Klokka er snart 20.00. Temperaturen ute er + 9 grader C, og det regnar. Det har vore meir eller mindre mørkt i heile dag og regnet har bøtta ned. På ein måte er det bra, for det var snakk om høge straumprisar etc. Vi treng regn også, og eg håper berre at det regnar skikkeleg no ei stund, og så kan det godt lette opp att. Men neste gong sola ev. kjem fram, får vi nok ikkje sjå henne i stova.
I dag før middag tok eg "fredagsvasken" på bad og kjøkken, slik eg plar gjere om torsdagane. Støvsuginga blir utsett til fredag eller laurdag.
Sidan vêret skifta har eg hatt problem med ryggen og hofta. Om det er vêret si skuld åleine, veit eg ikkje, for det vert meir stillesitting når eg ikkje kan styre på ute. Skuldra begynner også å trøble, på grunn av for mykje strikking, kanskje? Det er vel også gikt-relatert, kroppen min likar ikkje vått vêr.
No skal eg ikkje syte over bagatellar. Det er dei som har det verre. Til dømes Therese Johaug. No har eg site og sett nyheiter m.m. på TV. Sett korleis dei i Italia har hatt jordskjelv, krig i Syria , stadig fleire får kreft ...og mykje anna elende. Men det som har det verst og får sitte på TV og gråte i beste sendetid- er Johaug. Eg spyr !

Nils har hatt ein bra dag i dag, og har fått i seg mykje næring. For ein gongs skuld hadde vi middag i skikkelig tid-klokka 14.00. Maten var restar frå i går + nykokte poteter og gulrøter.. Eg åt nok litt for mykje sjølv ! Men stort sett passar eg meg for kaloriar.
I morgon får vi truleg besøk av Solveig og Olaug. Olaug er heime ein snartur og ville stikke innom.
Neste veke blir det mykje styr. Onsdag er det pensjonistmøte, torsdag får vi besøk frå kommunen i samband med at Nils snart er 80 år. Det er eit tilbod som vi kan takke ja, eller nei til. Men Nils tykte det var greitt. Fredag skal vi til Åse igjen.
Eg trudde ikkje det var nokon i slekta som hadde fødselsdag i dag, men så kom eg i hug Bjørnar! Gratulerer til familien ved Oselva på Eid.
Eg har så vidt begynt på boka til Ketil Bjørnstad, "Sekstitallet". Den er ganske lettlest, men er på heile 22 CD-plater, så det spørs om eg må ta pausar undervegs. Han skriv rett og slett om det som hende i Norge og verda i 1960- åra, slik han hugsar og opplevde det.(Men har nok innhenta litt kunnskap i tillegg)

Ingen kommentarer: