tirsdag, oktober 25, 2016

Gratulerer med dagen, Svein!

Det er vanskeleg å finne bilde av bror min, enda så mange bilde eg har.Så dette har eg rett og slett saksa frå brudebildet. Svein fyller 75 år i dag, og er ca 1 1/2 år yngre enn eg. Eitt av dei første minna eg har om bror min, var at eg køyrde han i dokkevogna mi rundt spisebordet. Og at eg prøvde å knyte sløyfe i dei lyse krøllane hans.
Sidan vi var så jamaldra og jamstore i mange år, leika vi mykje i lag. Og det var heller ikkje fritt for at vi slost.
Dessverre kunne vi ikkje vere til stades og feire han i dag, men der er sikkert mange andre som har møtt fram. Håper at alle har hatt ein fin dag på Hildegard.

1 kommentar:

Hildegard sa...

Vi hadde ei fin og roleg burstadfeiring heime. Den yngre generasjonen ordna med maten, så eg slapp lettvint unna det. Triveleg når barn og barnebarn samlast. Kjekt var det at Margrete, Eirik og Erlend kom. Vi sakna sjølvsagt deg og Nils på ein slik dag, men vi får ta det igjen seinare.