mandag, oktober 24, 2016

Dagbok 2016: 24.oktober: FN-dagen

Klokka 17.30. Sol i Mosmarka, men ikkje her.

Klokka har passert 18.00. Temperaturen er + 5 grader C. I dag var det nokså skya til det leid ut på ettermiddagen, då kom sola fram, og no er det nesten klårt.
Eg var litt tafatt og frostig først på dagen og kom meg ikkje til med noko særleg. Det vart til at eg sette meg til å høyre lydbok mens eg strikka på ein lest. Nils skulle til fastlegen kl.11.50, men eg vart ikkje med nedover. Han skulle berre måle blodtrykket, og det var heilt i orden.
I morgon er det tur til Åse igjen, denne gongen til røntgen og ortoped. Han skal ikkje møte opp før i 13-14-tida, så vi slepp å fare så tidleg. Vi tek bussen, som vanleg.
Nils kokte krabben vi fekk av Håkon i går kveld. I dag åt vi krabbe til lunsj. Eg åt ein heil rognkrabbe åleine, den var full av mat, så eg vart rimeleg mett.
Det var då energien kom, og sola. Nils skulle på synstest, og eg gjekk ut i hagen og sette i gang med plenklipping av lauv + at eg klipte greiner av plommetrea og mol opp på kompostkverna. Då fekk eg varmen i meg. Nils kom att om lag på samme tid som eg var ferdig. Optikarane her har veldig gode apparat for testing av syn og auge, så han slepp å teste synet hos legen når sertifikatet skal fornyast. Legen godtek papira frå optikar. Han slepp også å teste synest med tanke på diabetes. Før måtte han på Åse for å få gjort det også.
Nils har varma opp att suppe frå i går og ete to store tallerkar. Det er supper og liknande som glir lettast ned, eg er framleis mett av krabbemåltidet. Eg år rundstykke til så det vart ganske mykje mat.
No har eg tre bøker liggande på maskina som eg ikkje har lese, og ikkje har eg lyst å lese dei heller. Hadde i grunnen tenkt meg på biblio i dag, men no får det bli i morgon eller ein annan dag.
I morgon fyller bror min 75 år, men vi får ikkje vere til stades og gratulere han, sidan vi skal til Åse.Vi får ta ei lita feiring seinare.
Nils hadde ein bror, Leon, som var fødd på same datoen; han kom bort på sjøen då han var 17 år. Han hadde blitt 77 år i morgon om han hadde fått leve. Det er rart å tenke på. Leon og naboguten, Roald, 15 år,var ute og fiska og kom aldri att. To unge gutar forsvann frå eit lite miljø, der var 3-4 hus i Trovågen då. Dette var i 1956, og same året fekk syster til Nils ein gut som ho kalla Leon Roald.

Ingen kommentarer: