fredag, november 20, 2015

Dagbok 2015: 20.november

Klokka er snart 16.00, temperaturen er + 0,5 grader C. Det har vore fint vêr og vi hadde sola inn i stova frå kl.10.15-til 11.15. Her ligg eit veldig tynt lag med snø på marka, nok til at det blir litt lysare enn det har vore siste tida.
I dag hadde eg ikkje planlagt noko eg skulle gjere, men vi skulle nedover og handle. Nils hadde sett ein annonse om ein som selde diverse poteter og grønsaker på torget, og han ville ikkje risikere å komme for seint slik som sist, dessutan hadde han eit ærend på Rådhuset. Derfor tok han ein tur åleine først, mens eg gjorde meg klar.
Det vart ein skikkeleg BOM-tur. Han leverte eit brev på Rådhuset og då han kom ut att for beina under han og han hamna med bakhovudet i asfalten og slo eit lite hol i hovudet+ at han fekk ein diger kul. Likevel køyrde han bort til Amfi.  Grønsakmannen var der ikkje så det vart ingen handel. DÅ oppdaga han at han ikkje hadde brillene på seg (Han har lov å køyre utan) så han måtte bort att til Rådhuset, og der låg dei, like heile.
Han sat lenge i godstolen då han kom heim, men no er han på beina att. Vi måtte berre sjå tida an og teste om han hadde hjernerystelse. Eg hadde ikkje noko spesielt å gjere så eg tok lydboka. Somna på sofaen, og det var greitt nok, for eg sov ikkje mykje sist natt. Etterpå strikka eg litt.
Vi får ta ein slyngardag i morgon i staden. Då hadde eg tenkt å stikke innom revmatikarbasaren og kjøpe lefser, det gjorde eg i fjor.
Det er også basar/julemesse på frikyrkja. Dit brukte vi å gå då ungane var små, for der hadde dei julemannar og lemonade. Det var stas den gongen.
Ikkje nok med det, men det er julemesse og basar på bedehuset også, så dersom vi skal rekke over alt får vi ein travel dag. Eller kanskje vi finn på noko heilt anna? 
Om ein times tid skal vi ete middag, i dag skal vi ha steikt sei. Vi likar å ete noko av fisken før den har vore frosen.
Fredagskvelden plar gå med til TV-sjåing. Eg vil i alle fall ønske alle ei god helg !

torsdag, november 19, 2015

Dagbok 2015: 19.november


Klokka er snart 17.00. Temperaturen er så vidt under 0, veldig kaldt etter det vi har blitt vant til i seinare tid. Sist det var skikkeleg kaldt her i Ørsta var vinteren 2012- 2013. Håper ikkje denne vinteren blir like kald. Men vêret har vore fint i dag , og vi hadde sola bortimot ein time i dag også.
Eg har vore ekstrem lat i dag. Før middag gjorde eg to ting; eg farga håret og så laga eg ein stor fiskegrateng. Prøver å variere all fisken, og til grateng får eg brukt småseien. Elles har eg pausa på sofaen med lydbok etc. Prøver å ikkje sitte for mykje sidan vi skal på konsert og sitte på harde kyrkjebenkar. Det kan bli ein "prøvelse" for meg.
Fann ei side med fransk grammatikk på nettet, og det frista over evne, så eg måtte berre la den vere. Eg oppdagar at eg gløymer mykje av det eg har kunna før, og då får eg det for meg at eg må repetere.
For ikkje å sitte for mykje, brukar eg å stå ved kjeøkkenbenken og lese avisene, løyse kryssord og soduku etc.
I morgon er det fredag igjen, det er berre utruleg kor fort tida går.
Konserten tek til klokka sju, men vi må vere ute i god tid, for dei sel billettar berre ved inngangen.

Klokka 21.30:
Så var vi heime att etter ein flott konsert i Volda kyrkje. Vi hadde avtale med Margrete om at den som kom først av oss skulle ta av plass til den/dei andre. Vi kom klokka halv sju ; då var kyrkja fullsett, og Margrete såg vi ingenting til. Eg sende melding på mobilen, og ho ringde tilbake. Ho sat langt framme på høgre sida, vi bak på venstre. Vi snakka med henne etter konserten og det viste seg at vi hadde kome om lag på same tid.
Vi snakka også med Harald og Ruth og ungane. Dei hadde kome klokka 18 og fått god plass langt framme.
Det var ein kjempeflott konsert med kor, solistar og musikarar. Eirik hadde det travelt; han song i koret, song ein song solo, spelte til eit par andre og i tillegg var han konferansier gjennom heile programmet i lag med ei jente. Dessverre fekk vi ikkje sjå så godt, og eg forstod heller ikkje alt som vart sagt, men det er no mitt problem.
Solonummeret til Eirik var "Jordan" av Rival Sons. Han spelte sjølv gitar til,med seg hadde han kameratar frå Lommerosk på gitar , trommer og bass. Eirik har ei spesiell, fin og lys stemme. Det vart sjølvsagt ståande applaus til slutt og ekstranummer frå koret.

onsdag, november 18, 2015

Dagbok 2015: 18.november

Klokka er no16.45. temperaturen ute er +1 grad C og månen lyser på himmelen. Det har vore ein nydeleg dag, særleg på vår side av bygda. Då klokka var vel 10.00 skein sola inn i stova og var her ein times tid. I Vik og på andre sida av fjorden låg skodda tjukk og for oss såg det mørkt ut. Sola kom att ei lita stund i 14-tida også. Det er om lag som når sola kjem tilbake i januar. Det blir nok frost til natta, så Nils har bore gullbuska inn i vaskekjellaren.
I dag tidleg reiste Nils og Kjell på sjøen, og fekk kvar sin stamp med sei - ikkje av dei største, men små og mellomstore. Nils hadde ikkje lyst på sei til middag i dag, men vi har nokre Gilde karbonadar på lur, som vi skal ha om ei stund.
Mens Nils var vekke fekk eg vaska og støvsuga "heile huset". Litt dumt å bli verande inne i finevêret, men hadde ikkje noko anna val. Vaska ei maskin med klede som eg skal legge i hop no. Tørkar i trommel når det er så kaldt. Elles har eg lese ut boka mi, strikka etc.etc.
Ikkje alle dagar er like spennande, men i morgon har vi tenkt oss på konsert i Voldakyrkja og høyre på koret frå VVS der Eirik er med.Det trur eg blir fint. 
Elles er det revmatikerbasar på laurdag. I fjor kjøpte eg lefser med dei, men tombolalodd blir det ikkje, for i fjor vann vi eit heilt nett med gevinstar. Nei, då er det betre å kjøpe lodd på bok.
Ja, det skjer mykje i førjulstida, så alt får vi ikkje med  oss.



Bok nr.83 - 2015: Vi ba aldri om vinger.



Image for Vi ba aldri om vinger from Norli
Endelig en ny roman av den bestselgende forfatteren av «Blomstenes hemmelige språk»!

«Vi ba aldri om vinger» er en sterk, rørende og aktuell historie om mennesker som lever i usikkerhet, om deres forsøk på å skape seg en ny tilværelse i et annet land, og om håpet som ligger i kjærligheten.

Letty Espinosa har egentlig aldri vært den moren hun har ønsket å være for de to barna sine - 15 år gamle Alex og Luna på 6. Barna vet ikke hvem fedrene deres er, og de bor sammen med Letty og besteforeldrene i et fattig område i San Fransisco. Når besteforeldrene bestemmer seg for å flytte tilbake til Mexico, snus Lettys tilværelse på hodet. Hun må klare seg selv og være både mor og forsørger.
I baren på flyplassen der hun jobber, dukker det plutselig opp en ny kollega som får henne til å se annerledes på tilværelsen. Samtidig blir Alex forelsket i en klassevenninne, og når han en dag skjønner hvem som er hans far, settes mye på spill i den lille familien.

............................................................................
Eg visste at denne boka var rimeleg "rosa" før eg begynte på den, men syntest det var greitt med noko lett etter mange rimeleg bra bøker.
Men kva er det som gjer bøker "rosa" ? har eg spurt meg sjølv. Sjølve innhaldet, fortellinga, er jo alt anna enn rosenraud, i alle fall ikkje til å begynne med. Men alt ordnar seg til slutt, alle blir glade og gode venner. Det er jo for så vidt bra, men det er noko "gale" med språket heile vegen og også dei meir og mindre lette og utrulege løysingane. Når eg likevel fullførte er det fordi det innimellom kan vere heilt ok med noko veldig lettfordøyeleg. Dessutan har eg lese "Blomstenes hemmelige språk"-som eg likte ganske godt. Vi får ein del naturfag her også-på nokså høgt nivå- Såg at nokon hadde gitt denne boka terningakast to- eg ville kanskje strekt meg til 3.



tirsdag, november 17, 2015

Dagbok 2015: 17. november.

Klokka er 17.00. Temperaturen er + 8 grader C. På føremiddagen var det fint ute, men eg var inne. Såg sola i nysnøen på Nivane. Seinare kom det litt regn, og så vart det mørkt.
I dag har eg hatt trøbbel med å få lagt bilde inn på datamaskina. Det plar dukke opp eit fotoapparat nedst på sida når eg set i ledningen, det gjorde det ikkje i dag. Og minnebrikka har ikkje virka på år og dag.
Eg fekk sjølvsagt til å legge inn bilda til slutt, men på ein meir tungvint måte.At bilda er uklåre kjem av at eg har fotografert mot vindua.

I dag hadde eg planlagt å ta ned "sommargardinene" og henge opp dei  gamle, kvite "vintergardinene". Men eg hadde gløymt kor mykje arbeid det var. Eg måtte sjølvsagt pusse vindua og rydde litt i blomsterprakten med det samme. Seks lange lengder måtte strykast før eg kunne henge dei opp, og 90 klyper  skulle av og på. Eg var ikkje ferdig før klokka 13-men så har eg gjort noko "til jul ", eg også.
Eg er glad i dei 15 år gamle gardinene, dei var vel helst ecry då dei var nye, no er dei nærmast kvite. Dei var kjøpte om lag då Amanda vart fødd, derfor veit eg kor gamle dei er.Det er kjekkare å pynte til jul når desse gardinene heg oppe enn når vi har gardiner med lilla blomster.
NIls la på vinterhjul i går, og i dag spylte han sommarhjula og la dei vekk.Han fekk også tid til å sage nokre greiner av eine plommetreet. No har han funne ut at det blit så bra vêr at han kan få fiske i morgon. I dag kokte han salta lange til middag. 
Etterpå hadde vi ein kvilepause før vi drakk kaffi. No er han i garasjen, og eg har vaska "rundt" på kjøkkenet. Han planar om å ta helgevasken i morgon dersom eg blir her åleine. Ja, slik går no dagane. No brukar eg heile veka på det som eg gjorde på fristundene før.
Den flotte kvite asaleaen var det Solveig som kom med sist helg. Den er enno i live. Eg plar ikkje vere så flink med den sorten, men denne  får  i alle fall vatn.



mandag, november 16, 2015

Dagbok 2015: 16.november

Klokka er  ca 16,  temperaturen ute er +7 grader C og det ser ut til at snøen på fjelltoppane smeltar litt etter kvart. Bilda har eg tatt berre for å dokumentere vêret, motiva er vel meir enn velkjende. Vi har stadig håpet om at lauvet skal falle av før snøen kjem. 
Ser at det blæs litt ute no, og at det truleg er sønnavind, så då blir det ikkje kulde. Det er litt vanskeleg å bestemme kva veg det blæs her, for fjella skiplar litt på retninga. Bilda var tekne ca. klokka 13, då var det litt sol somme stader oppe i fjellsidene. Ja, vi har ikkje "mist" sola enno her heller. Her er ho vekke berre 6 veker.
I dag hadde eg ein del ærend ned til Vik, eg var heilt bra i hofta og kneet før eg for, men hadde vondt begge stader då eg kom heim. Merkelig. 
Var på legesenteret og henta rekvisisjon på fysikalsk behandling, på biblioteket og leverte bøker og på apoteket og kjøpte medisin m.m. Ei lita runde i andre etasje på Amfi vart det også. Vi trefte somme vi kjenner, men vi var der før den store tilstrøyminga.
Eg sov dårleg sist natt, så vi tok tidleg middag, så eg kunne få meg ein liten blund etterpå. I dag blei det resten av fiskegratengen og attåt kaffien, ei stund seinare, åt vi dessert frå laurdag.
No skal eg stryke dukane som vart vaska i går, og så blir det vel ikkje så mykje meir gjort i dag. Nils driv på med eitt eller anna ute i garasjen-ikkje veit eg kva det er. Han lengtar etter å kome ut og fiske. No ligg båten vår på Matias sin båtplass, dermed er den synleg frå Web-kamera. Matias har tatt sin båt på land. Dermed kan han kontrollere at båten er på plass utan å reise ut i hamna.



søndag, november 15, 2015

Dagbok 2015: 15.november

Klokka er 17.00 og temperaturen er + 5 grader, så det passar bra,
Det har visst vor opplett i dag, men eg har ikkje vore så obs på vêret sidan eg har halde meg inne. Nils gjekk ein tur opp i skogsvegane før middag, noko eg ikkje kan vere med på.
Det vart til at eg baka nokre brød, bretta ein klesvask etc. Det er stort sett det same kvar dag.
Middag slapp vi å tenke på i dag, her var rikeleg att frå i går. Nils begynte å lure på om vi hadde greidd oss med ei lammeside i staden for to. Men no må eg snart lage ein skikkeleg ball-middag,; det er lenge sidan sist.
Kjenner at eg åt for mykje i dag, er nesten uvel etter så mykje mat. Nils plar seie at ein føler seg betre etter å ha ete fisk, og det må eg nesten seie meg enig i.
Elles har eg slappa av på sofaen og sett diverse opptak på TV, så dei heilt store hendingane har vi ikkje hatt i dag. Anne Marie ringde i dag, Nils lurte på kvifor ho ikkje ringde på bursdagen, men ho ville vente til den var overstått. Det var for så vidt godt tenkt, ikkje så kjekt å få telefonar når ein har gjestar.
I morgon må eg ein til nedover, for no har det hopa seg opp med ærend.

Dagbok 2026: 14.november

Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...