torsdag, november 19, 2015

Dagbok 2015: 19.november


Klokka er snart 17.00. Temperaturen er så vidt under 0, veldig kaldt etter det vi har blitt vant til i seinare tid. Sist det var skikkeleg kaldt her i Ørsta var vinteren 2012- 2013. Håper ikkje denne vinteren blir like kald. Men vêret har vore fint i dag , og vi hadde sola bortimot ein time i dag også.
Eg har vore ekstrem lat i dag. Før middag gjorde eg to ting; eg farga håret og så laga eg ein stor fiskegrateng. Prøver å variere all fisken, og til grateng får eg brukt småseien. Elles har eg pausa på sofaen med lydbok etc. Prøver å ikkje sitte for mykje sidan vi skal på konsert og sitte på harde kyrkjebenkar. Det kan bli ein "prøvelse" for meg.
Fann ei side med fransk grammatikk på nettet, og det frista over evne, så eg måtte berre la den vere. Eg oppdagar at eg gløymer mykje av det eg har kunna før, og då får eg det for meg at eg må repetere.
For ikkje å sitte for mykje, brukar eg å stå ved kjeøkkenbenken og lese avisene, løyse kryssord og soduku etc.
I morgon er det fredag igjen, det er berre utruleg kor fort tida går.
Konserten tek til klokka sju, men vi må vere ute i god tid, for dei sel billettar berre ved inngangen.

Klokka 21.30:
Så var vi heime att etter ein flott konsert i Volda kyrkje. Vi hadde avtale med Margrete om at den som kom først av oss skulle ta av plass til den/dei andre. Vi kom klokka halv sju ; då var kyrkja fullsett, og Margrete såg vi ingenting til. Eg sende melding på mobilen, og ho ringde tilbake. Ho sat langt framme på høgre sida, vi bak på venstre. Vi snakka med henne etter konserten og det viste seg at vi hadde kome om lag på same tid.
Vi snakka også med Harald og Ruth og ungane. Dei hadde kome klokka 18 og fått god plass langt framme.
Det var ein kjempeflott konsert med kor, solistar og musikarar. Eirik hadde det travelt; han song i koret, song ein song solo, spelte til eit par andre og i tillegg var han konferansier gjennom heile programmet i lag med ei jente. Dessverre fekk vi ikkje sjå så godt, og eg forstod heller ikkje alt som vart sagt, men det er no mitt problem.
Solonummeret til Eirik var "Jordan" av Rival Sons. Han spelte sjølv gitar til,med seg hadde han kameratar frå Lommerosk på gitar , trommer og bass. Eirik har ei spesiell, fin og lys stemme. Det vart sjølvsagt ståande applaus til slutt og ekstranummer frå koret.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...