Klokka er no 18, temperaturen ute er minus 8 grader og det er klarver; med andre ord vakkert , men kaldt. I går kjende eg meg så bra i armen at eg la meg utan forbinding, men vakna på natta med store smerter, ikkje berre i handleddet men heile armen. Eg måtte ta forbindingane på igjen, men det var likevel vondt.
Då morgonen kom sende eg melding til Einar, at det kanskje ikkje var så lurt at han kom i dag, som planlagt, ikkje hadde eg handla inn alt eg skulle ha heller. Eg fekk melding til bake om at han ville komme og skulle handle det eg trong. Og slik blei det.
Eg brukte mykje av føremiddagen til å løyse 2 sudokuar i Møre Nytt.den lettaste brydde eg meg ikkje om. Men no har eg printer så eg få printe ut mine eigne rute-ark, så då er det kjekt, når eg ikkje har mine eigne ark så gidd eg ikkje å halde på med Sudoku.
Eg friskna til litt etter kvart, så eg fekk begynne å rydde litt.Då klokka var 13 kom Einar, så då vart det fart på det som skulle gjerast. Han hadde kjøpt inn middagsmat til to dagar, mange kaffiposar og diverse anna . Eg veit ingen andre som er så effektive. Eg fekk dekke bordet og så åt vi middag, og kaffi og is etterpå. IS var kanskje ikkje den mest høvelege desserten i dag, men det var det eg hadde.
Eg hadde tatt på meg strikken til handleddet , så eg hadde ikkje vondt lenger, i alle fall ikkje mykje vondt.
Einar var her ikkje lenge og etter at han hadde fare så styrte eg med mitt, fyre i omnen t.d. og lese avisa og sjå TV, eg er ikkje så redd lenger etter at Trump sa at han ikkje ville ta Grønland med makt. Men det er ei uroleg tid i verda og det har det vore lenge, så eg føler meg ikkje heilt trygg.
Det er veldig fint med snø og sol, men eg likar ikkje kulde. Eg har gått rundt i heile dag med kjensle av at det er laurdag, men det er det ikkje. Det er i morgon.
Fint å stå på altanen i dag og sjå utover nabolaget, Det er fint med snø, men eg likar ikkje kulden. Eg har sol på føremiddagen ei stund, så blir ho bort bak fjellet, men kjem att ei lita stund i 14.tida.



Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar