lørdag, oktober 05, 2024

Dagbok 2024: 5.oktober

Klokka er no 17.45, temperaturen ute er+ 10 grader og det regnar-.

Når eg ser på veret no er eg glad for at eg rydda opp i hagen i går, for i dag fristar det ikkje å vere ute.

Etter at eg var ferdig med morgonstellet i dag, tok eg ein tur på ALTI, eg skulle berre ha nokre tablettar på apoteket så eg vart ikkje verande der så lenge. På heimvegen stoppa eg og handla på KIWI, som vanleg.

Då eg kom heim fekk eg melding frå Margrete om at ho og Amanda kom ein tur. Eg trudde dei kom snart, men eg rekna med at eg rakk ein tur på Vernet først. Det gjorde eg med god margin. Eg vart sittande å strikke litt mens eg venta på dei. Dei hadde kjøpt med seg mykje godt som vi hadde til kaffien. Dei kom også med garnet som eg trong for å bli ferdig med nokre lester eg held på med. Ja, stort sett så går det i lestestrikk og ikkje noko meir invikla.

Det er kjekt å få besøk, sjølvsagt, laurdag for ei veke sidan, var Solveig her. Og no har lærarane haustferie, så eg får vel sjå fleire av familien også.

Margrete hadde med seg boka som Arill Riise har skrive om klyngetunet der han vaks opp. Eg skal få lese den først og det ser eg fram til. Eg har no endeleg god tid til å lese. Då eg var yngre var eg ein skikkeleg lesehest, men i seinare år har eg ikkje lese mykje, og det er litt dumt. Eg trur det er TV si skuld.

No skal eg i alle fall sjå litt på Arill si bok. Vi var no nære naboar i nokre år her på Vallabøen.

                            Det vart ein våt dag. Fristar ikkje å gå ut

 

fredag, oktober 04, 2024

Dagbok 2024:4.oktober

 


Klokka er no 17.50 og temperaturen ute er +10 grader C. Eg kom nettopp inn, for eg har jobba ute ei stund.

Dagen begynte med at eg tok "fredagsvask", noko som ikkje er så mykje å skryte av når eg slapp å støvsuge, for det gjorde eg onsdag.

Men ein runde på Vernet måtte eg ha; eg går for mosjonen si skuld, men det kan ofte bli at ein møter folk ein kjenner-eller ikkje kjenner -og slår av ein prat. Eg synest det er litt artig, for eg er no ikkje så sosial i kvardagen.

Då eg kom heim måtte eg ha litt mat, og i dag vart det lunsj-ikkje middag. Eg sette meg til å prøve å komme i land på sudokuen i Møre-Nytt, men så langt kom eg ikkje-. Somme gonger er det litt vanskeleg , men som oftast greier eg dei.

Men så slo det meg plutseleg at eg hadde ein jobb ute som eg kunne gjere no, for det var opplett og heilt greit ver til å vere ute i.

Eg hadde tenkt ut noko lurt. For der var ein stor blå plastsekk i garasjen og der kunne eg kanskje få ned heile greiner så eg slapp å klippe sund alle greiner og kvistar. Som tenkt så gjort, eg prøvde å fylle sekken og noko vart der, men så forstod eg det at eg like godt kunne prøve å klippe greinene opp i smått og fylle i vanlege svarte sekker. Og det blei gjort. Der ser ikkje heilt fint ut endå eg har raka, men i morgon , viss det er opplett, skal eg fare over med plenklipparen. Eg synest det er kjekt å jobbe ute, men eg er veldig plaga av at ryggen min er så låk. Eg sat på ein stol og klipte opp greinene - det plar alltid gå bra.|

Telefonen min var utladda i dag, men eg ladda såpass eg fekk ta eit bilde på Vernet. men så hadde eg lagt i frå meg telefonen utan å kople den til, så den hadde ikkje ladda seg opp mens eg var ute slik eg hadde tenkt.Det kjem kanskje bilde på dette innlegget, med tid og stunder.

Og så er det fredag -igjen. Vekene går så for unna at eg forstår det nesten ikkje. I morgon kan det hende at eg fer til Volda og kjøper garn, men det er ikkje sikkert.

I alle fall ønsker eg alle GOD HELG og så er det vel somme som får fri komande veke, eg skal på trening tysdag, men får fri torsdag.


                        Kom det seg no?



torsdag, oktober 03, 2024

Dagbok 2024: 3. oktober


Klokka er no 16.30, temperaturen ute er + 10 grader C og det har regna , Dette er det eg kallar minus-ver, fordi det ikkje er noko ein kan gjere ute. Eg var no på trening først på dagen, og då eg kom heim var eg snar til å gå på Vernet sidan det såg ut til å komme regn, og det gjorde det, men ikkje så mykje før eg var heime og i hus.

Eg hadde ikkje planlagt noko eg skulle gjere inne, så eg blei sittande å strikke med god varme i omnen. Og TV-en er på så no har eg fått nyheiter om krig og og ulykker om att og om att. Eg kunne sjølvsagt ha funne noko anna, men synest eg må følgje med i det som skjer i verda. Det som slår meg er at alle snakkar om krig og våpen etc. Ingen snakkar om FRED, ikkje ein gong den nye NATO-skjefen.

Eg får ikkje gjort noko med alt rusket ute, så lenge det er så vått, men det er vel berre eg som bryr meg om det.

Marit skulle kanskje kome heim att i dag, men ho er ikkje komen enno ialle fall.

Eg har enno att garn, men eg må kanskje til Voda i morgon og kjøpe meir.  Eg kan ikkje forstå at det skal vere fredag i morgon igjen, tida går så fort. Det må dei unge vere klar over, at tida går fortare til eldre ein blir. Eg brukar å seie at eg forstår dei som ikkje tek bort julepynten -den skal no snart fram att likevel. Eg har tenkt meg bort på plantasjen snart for å sjå om dei har begynt å pynte til jul. Dei plar vere dei første.

                                               Slik var det her då eg kom heim frå turen


Og slik var det her for ei lita stund sidan, det har slutta å regne,

men sola er borte no. (Det er ikkje mørkt slik som på bildet.) 

Neste veke er det haustferie på skulane, eg må på trening tysdag men får fri torsdag.Eg har mykje eg skulle ha gjort, men eg kjem ikkje alltid i gang med det eg skal gjere.

onsdag, oktober 02, 2024

Dagbok 2024:2.oktober


Klokka er no18.03, temperaturen ute  er +10 grader, og i dag fekk vi ikkje sol, men regn.

Eg var ikkje så tidleg oppe i dag, men mens eg sat og åt frokost kom sjukebilen og stoppe på gata her, og folk kom ut med båre etc-eg såg no at dei gjekk opp til Marit og eg vart veldig uroleg, lurte på kva som hadde hendt, men Marit kom ut påkledd og gåande på eigne bein, så då vart eg litt beroliga. Seinare fekk eg melding frå Marit, ho har fått betennelse i den vonde foten, så ho blir på sjukehuset til ho har fått ein kur. Eg har fått meldingar seinare også, så eg veit at ho har det bra.

Idag var det bosstømming for mat etc. Eg fekk nedfalls-epla mine inn i grøne posar og sendt dei med, ein lite rest gjekk i komposten her. Ja, ærleg talt så har eg litt i ein annan sekk også, men det kunne eg ikkje sende av garde.

I dag hadde eg planlagt å fare på VØR med hageavfallet mitt. Eg hadde 7 store sekker som eg fekk pressa inn i bilen. Det er mange eldre damer som kjem med hageboss, eg har funne ut at det helst er slike som ikkje har mann, for mennene dei kjem med store lass i tilhengerar, og dei treng ikkje å sitte og klippe opp, men tek alt heilt. Det kunne eg godt tenkt meg også, men eg har ikkje løyve til å køyre med tilhengar, og no er eg for gammal til å lære det.

Då eg kom heim tok eg ein tur på Vernet, trefte ingen eg kjendei dag, men eg såg ein nydeleg "marmelade"-katt, guloransje i pelsen. Han var veldig kosete ei stund men så vart han lei av meg og for. Eg kunne godt ha tenkt meg ein katt, men vil ikkje ha noko å ha ansvar for. Eg passar no LOLLO når Marit er vekke.


Dette skulle ha vore jobben min i dag. Eg må klippe opp "stammane" i mindre bitar viss det skal i sekker, men eg har ei aning om at eg kan gjere det på ein annan måte sjølv om eg ikkje har tilhengar. Dei største stammane står att, fordi eg trur dei må takast ned med motorsag. 

Eg saknar litt den gamle maskina som eg brukte å male opp kvistar og greiner med. Eg vurderte å kjøpe ei ny, men slo det frå meg. Eg hadde no fått låne naboen si men eg klarer meg utan. Men dette fekk eg ikkje gjort noko med i dag, for det har regna meir og mindre heile dagen. 

Derfor valde eg å gjere no inne i staden, så no har eg støvsuga grundig alle teppegolva mine, så er det gjort til helga. I morgon er det trening igjen, og på sikt må eg ha ein tur til Volda og kjøpe garn.Det er alltid noko å gjere-heldigvis.

tirsdag, oktober 01, 2024

Dagbok 2024: 1.oktober

Klokka er no21.15, temperaturen ute er +6 grader C
Denne nydelege dagen kom heilt overraskande på meg, for med det samme eg var oppe var det vått på gata. Bildet over tok eg litt seinare på dag, men enno ser ein at det har vore regn.
I dag var eg på treninga igjen, utan Marit, for ho skulle til Ålesund. Etter treninga handla eg litt på KIWI, som vanleg, før eg køyrde heim. Eg vart ikkje verande heime så lenge, for i dag var det fint å gå på Vernet så det gjorde eg. Eg trefte litt folk i dag og og eg kom i prat med ei eldre dame med ein liten hund, vi vart nesten "venninner" på turen. Så trefte eg ei dame som eg kjenner og ho hadde med seg dottera si, som eg hadde som elev i barneskulen. Eg hadde ikkje sett henne sidan heller, i alle fall ikkje spom eg veit om. Det er ikkje mange av elevane mine eg har hatt kontakt med etterpå-og om eg ser dei kjenner eg dei ikkje att.

Til middag i dag hadde eg kjøpt karbonader som eg steikte og hadde på skiva. Etterpå drakk eg appelsinjus, slik som Solveig hadde sagt. Eg har litt lav blodprosent og då seier Solveig at eg må ha C-vitamin for å få nytte av jern som finst t.d. i kjøtt. Eg hadde no kjøpt ein stor kartong med appelsinjus, men eg syntest ikkje den var så god, så neste gong får eg ta eit anna merke.
Etter maten vart eg sittande å prøve å bli ferdig den Sudokuen som eg begynte på i går kveld, og då eg hadde fullført den,vart det å jobbe i hagen. 
Eg har tenkt å ta vekk den store rosebuska som har fått  lov til å vekse seg altfor stor. Eg begynte å klippe den i dag, men dei største og tjukkaste stammane står att, eg vil ikkje ta ned meir egnn eg klarer åleine, så får vi heller ta resten når vi er her fleire. Eg har no så mange sekker med hageavfall at eg må på VØR i morgon. Det er dei høgste og største  "stammane" som står att, og eg ryddar rundt, så då er det ikkje så mykje i å feie dei ned , eg tenkjer på at Rasmus gjer det lett når han kjem. Det blir ikkje så mykje rusk  når eg får rydda opp det eg tenkjer å gjere, men ein aner aldri kor mykje styr det kan bli av ein enkel "operasjon"i hagen.
No har eg strikka litt og høyrt nyheiter. Det vert visst verre og verre ute i verda, skulle tru at folk var blitt fullstenig galne-det var vel Putin som begynte. Eg prøver å ikkje sjå for mykje , men ein kan no ikkje oversjå det som skjer i verda, heller.

                                                             Så langt kom eg i dag

 

Dagbok 2024: 5.oktober

Klokka er no 17.45, temperaturen ute er+ 10 grader og det regnar-. Når eg ser på veret no er eg glad for at eg rydda opp i hagen i går, for ...