tirsdag, oktober 22, 2024

Dagbok 2024: 22.oktobrt



Klokka er no16.33, temperaturen ute er 8 grader og  det har regna meir og mindre i heile dag.Eg har ikkje gått tur på Vernet enno, og eg tvilar på om eg kjem meg ut, veret fristar ikkje til uteliv.

I dag var eg på trening, men har spurt meg fri på torsdag. På heimvegen frå trening var eg innom KIWI og handla litt. Og då eg kom heim gjekk eg ein tur opp til Marit. Ho er no mykje betre allereide, men har problem med trapper, så ho kan ikkje komme ned til meg enno.

Kjøttet som eg kjøpte i Volda på fredag hadde eg lagt i frysaren , men tok det opp i dag tidleg, Då greidde eg å skjere det sundt og steike det i dag. Det er eg nettopp ferdig med no. I morgon ettermiddag/kveld kjem Rasmus. Og laurdag skal vi feire at han er 60 år- 

Eg hugsar at eg følte meg litt gammal då er var 60, og no synest eg Rasmus er ein ungdom. Alt er relativt, som vi brukte å seie ofte før. Eg skulle ønske det vart litt fint ver når Rasmus kjem, for det er mykje han har tenkt å hjelpe meg med mens han er her. Han skal til dømes skifte dekk på bilen min, og så har eg mange småting som eg har tenkt at han skal fikse, så slepp eg å mase på Helge. Sjølv kan eg ikkje drive akrobatik i form av klatring etc lenger, eg har nok med å halde meg på beina-

Rasmus kjem hit i morgon ettermiddag kveld. Bursdagen er laurdag, og så reiser han vel sundag. Eg ser fram til å sjå nesten alle i Storfamilien her.


Det hjelpte ikkje mykje at eg tok opp alt lauvet med klipparen, for epletreet hadde mykje att.



Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 22.oktobrt

Klokka er no16.33, temperaturen ute er 8 grader og  det har regna meir og mindre i heile dag.Eg har ikkje gått tur på Vernet enno, og eg tvi...