onsdag, oktober 30, 2024

Dagbok 2024: 30.oktober

 

Klokka er no17.55 og det er bekmørkt ute.. Eg gjekk ut på altanen og der såg eg den lysande "bydelen" Mosmarka. Der er sjølvsagt lys i Vik også-

Temperaturen her er ca +8 grader, det var mindre snø i fjella i dag enn i går, men så har det regna  heile dagen, så eg har ikkje kome meg lenger enn til garasjen for å hente ved.

I dag hadde eg tenkt å ta fredagsvasken som eg ikkje tok sist fredag , og det gjorde eg ,  eg hadde tenkt å ta litt meir, men så er det dette med å ha ut teppe når det regnar som verst - det får bero så lenge. Det er alltid noko ein kan gjere viss ein vil.

Eg hadde strikka på ein lest i går kveld, men var ikkje nøgd med arbeidet mitt, så eg rakte opp og strikka på nytt-det tok litt tid, men så vart lesten mykje finare.

Eg hadde  tenkt å gå på Vernet i dag, men slo det frå meg. Eg synest hausten vart litt trasig , men så er det no snart november også. Men eg har ting eg skulle gjort ute, før vinteren kjem, så eg håper at det kan bli nokre fine dagar sjølv om det lid på.

I morgon skal eg på  trening igjen, godt å ha plikter, så ein ikkje berre blir sittande. Eg har TV på når eg sit og strikkar og då høyrer eg nyheitene mange gonger oppatt det same, så kanskje eg får med meg litt.

Som sagt så fyrer eg i omnen attåt at eg har varmepumpa på, å fryse er det verste eg veit, men eg har mykje heimelaga ved og ved eg har fått av Rasmus, når ein er berre EIN så treng ein meir varme.

I morgon er det altså trening og fredag skal eg ta vaksine, og så skulle eg ha vore ein tur på EL-kjøp og på VØR(når eg får rydda litt meir) Godt å ha planer.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 31.oktober

Klokka er no 17.46, men det ser ut som om det er midt på natta, eg merkar at kveldane kjem tidlegare no når vi har stilt klokka. Temperature...