torsdag, oktober 31, 2024

Dagbok 2024: 31.oktober

Klokka er no 17.46, men det ser ut som om det er midt på natta, eg merkar at kveldane kjem tidlegare no når vi har stilt klokka.

Temperaturen ute er +8 grader C og det regnar og regnar, men det er liten fare for oversvømmelse her oppe i bakkane.

I dag var eg på trening, men tok beine vegen heim. Her har eg ikkje styrt med så mykje, men då eg såg at det ikkje vart tur på Vernet i dag heller gjorde eg ein liten jobb heime. Eg vaska og rydda i matskapet mitt, ikkje kjøleskapet men der eg har salt og sukker, ris og mjøl etc. Det var i grunnen lurt å shine opp der, såpass eg veit kva eg har . Eg har ein tendens til å kjøpe ting eg TRUR eg treng.

Alle veit vel at eg strikkar lestar. Av eit nøste får eg tre lester, det er litt dumt , så eg kjøper helst 2 like buntar og strikkar 6 lestar, så kan ein pare i hop det ein vil. I dag trudde eg at eg strikka på lest nummer 5, men då eg såg etter, var det nr.6 eg vart ferdig med. Men eg kan godt strikke ein til å ha i reserve.
 


Som sagt, det er heilt mørkt ute no,, og eit ufyseleg ver, men det er ingenting mot det eg ser på TV, og det skal visst halde fram slik.

I morgon skal eg relativt tidleg ut, for eg skal vaksinere meg både mot Corona og vanleg influensa. Det må skje mellom klokka 9 og 11. Men eg skal ikkje ta fredagsvask i morgon, så eg er fri og frank. Men det som ergrar meg litt er at eg ikkje får rydde opp ute i hagen så lenge dette veret varer.  Men så lenge snøen held seg borte er no det eit+

No kom der to jenter og ringde på-og eg hadde ikkje snop, for eg feirer ikkje Halloween. Dei sa at det var heilt greit.


Vi slepp å famle oss fram i mørkret her i Starevegen, for naboane lyser opp. Eg lyt vel etter kvart begynne å gå tur på vegane i staden for på Vernet, men så lenge det er bert kan eg gå der oppe.

Eitt er eg sikker på; tida går fort, og snart er det JUL Og eg glad for at det regnar no i staden for at det kunne komme snø. 


To kjekke jenter som kom for å få snop, men eg hadde ingen ting. Det gjorde ikkje noko sa dei, for dei hadde alt fått mykje. Eg beundra kleda deira. Dei har no gjort seg flid med kostymene-


Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 31.oktober

Klokka er no 17.46, men det ser ut som om det er midt på natta, eg merkar at kveldane kjem tidlegare no når vi har stilt klokka. Temperature...