torsdag, oktober 17, 2024

 


Klokka er no 16.35, temperaturen ute er +19-20 grader C, det er heilt utruleg å få det så varmt rett etter at snøen låg langt ned i fjellsidene-.

I dag gjekk eg ein tur på Vernet og trefte nabodama som eg ofte møter når eg er tidleg ute og går. Men då eg kom heim att visste eg ikkje kva eg skulle gjere. Det er 1000 ting å velje mellom,men eg kom meg ikkje til med noko. Trøtt var eg også, og heldt på å sovne i godstolen. Når eg sit her no og sveittar i ein tjukk ullgenser, så forstår eg betre at eg vart lat. Men etter at eg hadde ete ein liten middags-rest etc. fekk eg litt fart på meg. I morgon er det fredag, og då plar eg vaske "fredagsvask"- men den kunne eg like godt ta i dag, så kan eg gjere andre jobbar i morgon. No har eg vaska kjøkken og bad så kan eg støvsuge i morgon , kanskje. Det er alltid noko å gjere for den som vil-både ute og inne.

Eg gleder meg veldig til Rasmus kjem neste veke og blir her over 60-årsdagen,eg brukar å lage ei liste over slikt han kan reparere for meg, det er ikkje alt eg har vet på sjølv. I alle fall kjem han til å legge vinterhjul på bilen min. Eg er veldig avhengig av å ha bil når eg bur så høgt oppe i bakkane. Eg skal fornye førerkortet til våren og håper det skal gå bra- ei av pensjonistvenninnene mine hadde sertifikat til ho va 91 år, og ein tidlegare kollega har førerkort enno -han er 96 år.Eg er no ein ungdom samanlikna med dei.

Eg forstår ikkje kvar energien min har tatt vegen i dag-håper berre han kjem att.Eg skulle ha vore på trening i dag, men det var avlyst, så det er vel derfor eg vart litt forvirra i dag.


Ingen kommentarer:

  Klokka er no 16.35, temperaturen ute er +19-20 grader C, det er heilt utruleg å få det så varmt rett etter at snøen låg langt ned i fjells...