lørdag, oktober 19, 2024

Dagbok 2024:19.oktober

 

Klokka er no 18.10, temperaturen ute er + 18 grader C, det er skya men opplett.

Eg set veldig pris på fineversdagar no når vi er komne langt ut på hausten. Eg vakna tidleg i dag som alle dagar, og etter frokost m.m vart det ein tur på Vernet i dag også. Eg hadde med meg telefonen for å ta bilde, men den var dessverre utan straum, Eg trur ikkje eg såg snurten av meir enn 1-2 personar i dag.

Då eg kom heim vart eg sittande i godstolen og var så trøtt at eg trur eg sovna litt. Men etter kvart kom eg meg på butikken for å handle matvarer til helga. FDå eg kom sår eg at Margrete hadde lagt inn ei sida frå Volda-avisa MØRE. Det var så små bokstavar at eg fekk ikkje lese det som stod der. Så prøvde eg å gå inn med Margrete si adresse og passord, men det vart litt plundrete, men så såg eg mot døra og der stod MARGRETE . Ho hadde med seg Dennis, og så skulle dei vere i Volda og gå "Elva-langs"(Trur det er det det heiter?)Dermed fiksa ho det slik at eg fekk sjå avissida, med så store bokstavar som eg ville ha. Det var ei heil avisside, og eg synest Erlend hadde svart godt for seg.

Margrete og eg drakk kaffi og åt is, til ho måtte fare. Dagen var enno ikkje over, så eg rakk å klippe ferdig i skråniga og få opp lauv.Det med lauvet er no ikkje heilt i boks, for epletreet står fullt av lauv enno. men det gjer ikkje noko om det vert liggande under snøen.

Eg har ingen faste planar for sundagen, men eg finn sikkert på noko.  Om eg ikkje finn på noko anna, kan eg bake litt til neste helg, for då blir vi mange her. Rasmus kjem truleg torsdagen-og det gleder vi oss til-



Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 21.oktober

  Klokka er no18.00, temperaturen på trappa er+10 grader." Mye regn" står det på PC-en no, og eg tvilar ikkje. Eg har ikkje vore u...