fredag, juli 09, 2021

Dagbok 2021: 9.juli

Klokka er no 20.15, temperaturen er + 18 grader C og det har nyss vore ei kraftig regnbyge, den einaste i dag. Så slepp eg å vatne med slangen. I dag hadde eg tenkt å klippe plen, og heller ta fredagsvasken i morgon. Men det var vått i graset, så eg utsette plenklippen og vaska hus i staden. Etterpå sette eg meg ut på tunet og renska vekk plantar som kjem opp gjennom singelen. Når eg sit på ein stol slepp eg å få vondt i ryggen, men det ser litt rart ut. Fleire av dei som gjekk forbi stoppa og tok ein prat. Kjekt det. Då eg gjekk inn for å lage meg litt middag, ringde Solveig og sa at ho ville komme ein tur i 6-tida. Eg åt og slappa av litt, men tenkte at eg kanskje kunne få klipt plen likevel, men så kom det nokre regndropar igjen, så eg slo det frå meg. Underleg nok kom det inga byge, så eg heiv meg rundt og fekk klipt plenane på heile tomta-non stop. Eg sveitta som ein sil, men rakk å dusje og vaske håret før Solveig kom. Ho hadde med seg kaffimat så eg berre laga kaffien. Ho fekk med seg diverse utstyr til barnebarnet/oldebarnet sidan dei skal bu på Hareid mens Solveig og Øystein er på ferie. Dei reiser på mandag. På FB ser eg at Margrete er komen heim frå sin tur, kvar ho har vore er eg ikkje heilt sikker på. Eg håper ho og eg kan ta ein tur til Eid snart, det er over to år sidan eg har vore der.Sommaren er ikkje slutt enno, håper eg. Til denne tid har vi hatt det fint, passeleg varmt og nok regn. For morgondagen har eg ingen planar, anna enn at eg kan ta ein tur på butikken. Rosene mine har begynt å blomstre, dei eg har tatt bilde av i dag heiter"Leonardo da Vinci", eg har to slike. Ønsker alle ei fin helg anten dei er heime eller på tur.

Ingen kommentarer:

Dagbpk 2024: 17.mai

 Då er klokka 19.00 på sjølvaste 17.mai Det er enno sol og varmt ute, +22 grader har no, på føremiddagen var det oppe i + 28 grader, så eg v...