torsdag, juli 08, 2021

Dagbok 2021: 8.juli

Klokka er no 12.45, temperaturen på trappa er + 24 grader. Det regna litt først på dag, men så kom sola fram. Eg hadde ikkje noko spesielt å gjere i hagen, dessutan var det vått. Ikkje hadde eg lyst å vere inne heller, så eg bestemte meg for skogstur. For dei som ikkje veit det, kan eg opplyse at det er mange vegar i fjellsida ovafor oss. Før gjekk eg der mykje, og helst åleine, for Nils var sprekare og ville ha meir utfordrande turar. Eg hadde alltid mobil når eg gjekk, i tilfelle eg datt og braut ein fot t.d. Nils og eg gav vegane namn slik at det skulle vere lett å finne meg om ulykka var ute. Offisielt heiter alle skogsvegane "Fonnavegen". Men eg brukar min eigen terminologi. Eg gjekk på vegen inn til bommen, gjekk så til skogsvegen delte seg i to:Bjørnebærvegen og Raudhyttevegen. Eg er godt kjend med alle vegane, men der var ikkje akkurat som før. Vegetasjonen har skote fart, vegane var i ferd med å gro til, og skogstrea var større enn før. Eg tok til høgre og gjekk opp Bjørnebærvegen,opp til første kryss, der eg etter å ha vurdert saka, bestemte meg for å snu.
Eg kom tilbake til krysset og no valde eg Raudhyttevegen.
Raudhyttevegen har eg gått ofte, og før gjekk det an å gå ei rås bort til Åsmundmarka. Men så felte dei fleire tre som vart liggande over råsa, så eg torde i alle fall ikkje gå der. Til mi store glede var råsa rydda, så eg slapp å snu, men kunne gå på Åsmundmarka heilt ned på Vernet. Før Vernet kom var det dette som var runden min.
I dag skal eg lage meg noko godt til middag, spekesild og kålstuing. Spekesild er ein favoritt, men kanskje høyrer eg til den siste generasjonen som et det. No har det skya litt til igjen, men så lenge eg var ute og gjekk var det sol og varmt. Viss det skjer noko meir i dag, skal eg komme tilbake til bloggen.

Ingen kommentarer:

Dagbok 20 24:25.desember.1.juledag

  Klokka er no 20.00, temperaturen er + 10 grader og det regnar. nedst på skjermen min står det:Regn advarsel, så då står vi vel i fare for ...