fredag, juli 02, 2021
Dagbok 2021: 2.juli
Klokka er no 22.05, temperaturen er + 20 grader C. Det har vore ein nydeleg og varm dag. På Skei i Jølster målte vi + 29 grader og eg tru det var minst like varmt på Byrkjelo.
Vi kom oss relativt tidleg opp i dag for vi skulle ta 10.30-ferja frå Haldorsnest. Vi var flinke og greidde å pakke i hop og rydde -det var ingen liten jobb. Margretye køyrde sin bil, og Eirik faren sin Volvo.Begge bilane var fylte til bristepunktet med alt slags styr og stell. Men Margrete og "ungane" har gjort det før. Det eg lett gløymer er at ungane ikkje er så små lenger,men vaksne ungdommar frå 18-28 år.Det er ein kunst å køyre bil der ute, med smale vegar ogtusen svingar, men dei to sjåførane våre greidde det fint. Då vi kom i land frå ferja på Ryssjedalsvika køyrde vi i eitt til Skei i Jølster der vi var innom Audhild Viken. Vi skulle eigentleg på kafé men den var ikkje open. Vi såg oss litt om, men så vart vi enige om at vi kunne køyre til Bakar-Jon på Byrkjelo og ete der. Der måtte vi vente ei stund på 6 store gode porsjonar med kebab.Det var kjempegodt! Etter måltidet skilde vi lag. Eirik køyrde til Lote, og vi i Margrete sin bil tok turen over Utvikfjellet. Då vi kom til Olden vart Margrete så trøtt, så Ingeborg tok over sjåførjobben og køyrde meg til døra. Eg er så glad for at dei inviterte meg med og for at eg sa ja, for dette vart ein kjempefin ferie. Tusen takk til Margrete, barna, Rasmus og familie + alle dei kjekke folka i Solund.
No har eg prøvd å fortelje litt om kva vi gjorde, litt hadde eg notert, men eg har sikkert gløymt ein god del.
Eg har hatt problem med å få lagt inn bilde, men trur eg skal få orden på det seinare. No må eg gjere diverse anna.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2025:15.desember
Eg saknar ikkje snøen, sjølv om eg synest det er fint med kvit jul. Men eg må rydde litt på tunet, ser eg. Klokka ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no 17.18, temperaturen ute er + 4 grader det er nokre snøflukser på veg ned, men det har ikkje snødd så veldig mykje i dag. Naboen...

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar