fredag, juli 02, 2021

Dagbok 2021: 1.juli

Dette var siste dagen vår i Hjønnevåg. Rasmus familien reiste i 10-tida om morgonen. Margrete, Erlend og eg reiste til Nåra på butikken, og etterpå var vi å helste på ei gammal dame som snart fyller 92 år. Ho er kusina til Nils, og eg har kjent henne heilt sidan eg kom til Solund første gongen. Eg hadde begge sønene hennar som elevar. Ho visste at eg var i nærleiken og hadde sagt til Mimi at ho hadde lyst å treffe meg, derfor stakk vi innom ei lita stund.Margrete og eg tok oss ein tur tilYtrøy og Storøy for å sjå oss om. I Ytrøy fann eg att huset til Ingeborg, systera til mora til Nils. Både ho og mannen erdøde for lenge sidan, og den eine gongen eg var og besøkte dei var ikkje vegen komen heilt fram til Ytrøy. Då vi kom "heim" raska vi i hop diverse restar til eit måltid. Flokken hadde no minka til 6. Etter maten tok eg meg ein tur rundt omgrin i "Vågen". Men for kvelden hadde vi ein plan: Vi skulle gå til "Utsikten" og sjå solnedgangen. Margrete og eg gjekk til fots dei 2-3 kilometrane, mens gutane og Amanda kom i bil då vi var komne fram. Det såg smått ut med solnedgangen, for sol hang der berre, 1,5 timar gjekk det før ho gjekk i havet ca 23.30. Men det var litt av eit syn.Vi la oss litt tidlegare enn vanleg, sidan vi skulle reise neste morgon.
Ingeborg og Ola sitt hus i Ytreøy.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2025:15.desember

              Eg saknar ikkje snøen, sjølv om eg synest det er fint med kvit jul.             Men eg må rydde litt på tunet, ser eg. Klokka ...