fredag, juli 02, 2021
Dagbok 2021: 30.juni
Dette var siste dagen Rasmus-familien var der, så vi hadde ingen spesielle planar, men så vart vi overraska av besøk. Denne gongen var det Anne Marie , systra til Nils på 86 år, som kom i lag med dottere Tone. Rolf hadde henta dei med båt sidan Anne Marie bur sør om Sognefjorden, Tone var på besøk der. Hilde , dottera til Rolf køyrde dei ut til oss i bil. Det var veldig kjekt at dei kom, sjølv om vi ikkje hadde mykje å by på.Vi sat ute i fint og varmt ver ei lang stiund. Etter at dei hadde reist, laga Margrete, Rasmus og Wenche eit stort måltid til oss sjølve med diverse rettar, mellom anna "pølse i vaffel"-ein kjent rett frå Østfold. Det freista ikkje meg, så eg åt andre ting og tok vaffel med syltetøy til kaffien. Vi hadde eitt spisebord og eitt salongbord, og då vart det plass til 11. Vi åt i lag kvar dag, men ikkje frokosten.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: 16.juli
Klokka er no 20.35, desse sommardagane fyk av garde i stor fart- og snart er sommaren over, sånn føler eg det litt i dag -at tida går s...
-
Klokka har passert 20.00. Vêret er som før, klårt og kaldt. Akkurat no er temperaturen minus 13 grader C. Jupiter er stor og klar i aust. ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...


Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar