lørdag, juli 03, 2021

Dagbok 2021: 3.juli

Klokka er no 16.40, temperaturen ute er litt over 24 grader, så det er ikkje plagsomt varmt, berre veldig fint. Før eg reiste på ferie hadde eg klipt plenane og alle kantar her og der, reinska beda og her var ganske strigla. Sjølvsagt veks graset når ein ikkje er heime også, men eg trudde eg kunne vente med å klippe til over helga. Men då naboen sette i gang klipparen, sjekka eg vermldinga og fann ut at det var best å klippe først best, men då var klokka alt 12.Eg prata litt med naboane før eg begynte å klippe. Eg kom over heile tomta, men kantane står att.Dei kan eg ta i morgon-viss eg vil. Etter at eg hadde spylt klipparen, tok eg like godt å vatna heile hagen når eg hadde kveila ut slangen.I 15-tida gjekk eg inn og dusja før eg laga meg ein slags middag. Eg har elles fått pakka ut kofferten og fått alt på plass. Eit par-tre episodar frå seriane mine har eg fått med meg, men avisene står att, og eit par sudokuar før eg er á jour. Eg har klussa litt med datamaskinene mine, dei vil ikkje at eg skal få legge ut bilde. Det er litt dumt for eg vil no at alle skal sjå verdens beste ferieparadis-når det er fint ver. No skal eg ta med meg avisene ut på altanen og gå igjennom dei. Eg var ute i hagen og tok bilde av nokre av blomstrane mine. Solveig har fødselsdag i dag, ho er den siste som fyller år -før Erlend kjem i november. Vi har no tenkt å slå saman alle til ein stor dag-når alle kan vere med. GRATULERER MED DAGEN SOLVEIG

Ingen kommentarer:

 Klokka er no 21.02,temperaturen ute er +5 grader C og det regnar. Ikkje direkte julestemning, men greit nok for meg, eg slepp i alle fall å...