lørdag, juni 09, 2018

Dagbok 2018: 9.juni


Klokka er 19.30, temperaturen er +18 grader og det har vore same fine veret som vi har hatt lenge no, lenger enn vi er vande med.
I dag sov eg til klokka var nærmare 9-det skjer ikkje ofte, men eg la meg ikkje før i 2- tida i går kveld. Det er først når ein blir pensjonistar at vi B-menneska får leve etter vår eiga klokke.
Men då eg stod opp, stod eg nesten ikkje på beina, så vondt var kneet, men på teppegolva går det på eit vis å drage "låkefoten" etter seg. Kom meg ut og henta avisa, og der var referatet mitt, ei veke for seint, og eg som alltid heng meg opp i andre sine skrivefeil (offentlege) ser ein grusom å/og feil i første setninga-den LYSTE mot meg. 
Kva eg brukte føremiddagen til er eg ikkje heilt sikker på. Etter eit par smertestillande tablettar kom eg meg ut for å vatne i alle fall. Elles sat eg mykje ved datamaskina trur eg. Den er blitt heilt spinnvill og finn på ting som ho ikkje har gjort før. Og då eg skulle bruke printeren visste eg ikkje kvar den var blitt av (på dataen altså) Men eg fann ut av det. Berre dei som sjølve er borti slike ting veit kor fort tida går når ein har datatrøbbel.
Margrete sende ei melding om at ho skulle på Plantasjen og spurde om eg ville vere med. Det ville eg, så eg heiv innpå eit par tablettar til, og alt gjekk heilt fint.
Det er vanskeleg å vite kva ein skal ha på grava, men i dag kjøpte eg ei vasstett korg som eg fylte med småstein og vatn før eg sette planten nedi. Då vi kom fram på gravplassen var det nokon som hadde stukke ei raud rose ned i molda-den fekk komme oppi til planten. Og så hadde kyrkjegardsarbeidarane (går eg ut frå) raka og pynta litt. 

Elles kjøpte eg to rosetre til å ha her heime, i staden for dei to som var døde + seks små lavendelplantar. Dei vil eg ha for angen og for humlene.
Etter at vi hadde vore på gravplassen handla eg på Kiwi, der hadde dei billege jordbær (ikkje heilt 1.klasses) så då vi var heime i Starevegen vart det jordbær og fløyte. Eg hadde ikkje sett på klokka heile dagen, så då Margrete skulle fare vart eg litt sjokka over at klokka var 18.00. Tida går fort i godt selskap.
Då er vart att åleine måtte eg berre får roser og lavendel i jorda, og då var dagen omme. Marit og eg hadde tenkt å sitte på platten hennar ei stund i dag, men håper det kan bli høve til ei kosestund i morgon i staden. No skal eg finne meg eitkvart som liknar på middag. Sjølv om eg slurvar med matlaginga når eg er åleine, passar eg på at eg får både vitaminar og mineralar og alt kroppen treng.
Her er det nyplanta "garasjebedet", dei to rosene heiter Leonardo da Vinci og Queen Elisabeth. Fint skal det vere. Det eg gløymde var at Margrete skulle få med seg "avleggarar" av nokre plantar eg har. Men det får vi ta igjen.


1 kommentar:

arieldog sa...

Takk for ein kjekk dag! Eg måtte ut i hagen eg òg, då eg kom heim.

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...