søndag, juni 10, 2018

Dagbok 2018: 10.juni


Klokka er 20.20, temperaturen er + 13 grader C og det har vore skodde i heile dag. Eg trudde den skulle lette, men når det ikkje blæs blir den gjerne liggande.
Søndagane er ikkje dei dagane eg likar best, men eg fann no på litt å gjere inne i dag. Eg kokte sylte av rabarbra som eg hadde ferdig-renska i kjøleskapet+ jordbær som var til overs frå i går+ frisk ingefær. Det var bortimot oppskrifta til Solveig. Sylta vart god, men ikkje så stiv, enda eg hadde JAM i. Hadde berre eitt sylteglas, dei fleste har hamna i "glasbosset".
Så fann eg ut at eg kunne måle innreiinga på badet, maling hadde eg, det er ikkje SÅ lenge sidan sist eg måla der. Var ut og flikka litt på trapperekkverket også.
Laga meg ein enkel, men sunn middag, og etterkvart gjekk eg opp til Marit der eg har vore både lenge og vel. Ho var også åleine heime i dag, men familien opp kom tidleg heim. Snart reiser Marit på pensjonisttur, der har ikkje eg meldt meg på.
Mens eg var der oppe hadde eg god utsikt ned på huset vårt, og eg ser at vi kanskje må ha eit ekstra strøk med maling på oppsida også. Eg trudde vi skulle bruke dekkbeis, men så er det altså maling-trur det er litt meir krevjande å få fint. Vart også sittande å sjå på taket, det skulle sikkert ha vore kosta om ikkje anna, men det blir ikkje eg som klatrar opp. Helst ikkje andre heller. Eg er litt for mykje oppteken av å tenke på alt som skal gjerast med huset, men eg har sjølv valt å bli buande, så eg får ta det som kjem. Eg har no fått god hjelp av mennene i familien med arbeidet.
Så mykje har det ikkje hendt i dag, men dagen har gått fort uansett. Eg festa trådane på eit par lester og har garn til fleire par, men når garnet er brukt opp har eg lyst på eit meir givande handarbeid.
Eg synest "Jegergenseren" som Solveig har strikka til Håkon er veldig fin !

Ingen kommentarer:

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...