fredag, juni 08, 2018

Dagbok 2018: 8.juni

Gjekk ein tur og såg korleis det går med fonnforebygginga.

Klokka er 18.45, temperaturen er +18  grader C og sola skin framleis. Det er nesten utruleg at vi har fått så mange dagar med sol og fint vêr, men som den negative vestlending eg er, tenkjer eg sjølvsagt på kva vi må betale for dette. Regn resten av sommaren, kanskje ? Ein ting slepp vi i alle fall no: plenklipping! Graset veks ikkje! Vi med hage er kanskje litt meir fornøgde med akkurat det, enn det bøndene er.
Det var kaldt og skodde i dag tidleg, så det var ikkje godt å vite kor mykje eg skulle kle på meg då eg skulle ned til Vik, og eg kledde meg litt for godt, for etter ei stund kom sola. Marit køyrde meg ned til banken til klokka 11.00, og det er heilt fantastisk å sjå kor flinke dei er til å ordne opp der nede. Dette kan dei. Det einaste som stod att var å få bilen over på mitt namn, og då måtte eg ha kilometerstanden, den fekk eg på mobilen etter å ha sendt melding til Solveig. Derfor kunne Nabo-Solveig køyre meg direkte på Biltilsynet, så no er også det i boks. Når eg såg på ho som jobba i banken korleis ho jobba på ein skjerm, og med telefon på øyret, såg er for meg korleis det var å gå i banken i barndommen min, då sat bankfunksjonærane og skreiv med penn og blekk. Litt av ei utvikling som har går for seg i mi levetid.
No skal alle papira vere i orden, og det er ikkje lite arbeid som ligg bak. Eg må berre vere takknemleg for all hjelp eg har fått i banken. No er eg berre redd for at noko skal vere feil ein eller annan stad.
Då eg kom heim att, åt eg litt og så vatna eg litt i hagen, enda det ikkje er heilt lovleg.
Det som er trasig er at kneet mitt ikkje blir betre, snarare tvert om, så over helga må eg prøve å få time hos ein eller annan fysioterapeut. Eg kontakta ei som eg har gått hos før med det same eg vart dårleg, då hadde ho ikkje tid, så blei eg bra, men så kom smertene tilbake. Dei fann ingen ting på røntgen, så det er vel betennelse. Eg tek tablettar-men dei virkar ikkje. Dette har eg vel skrive ørten gonger før.
Eg låg lenge på altanen med lydbok i dag-sidan eg ikkje kan gjere så mykje likevel. Hadde lydbok på øyret, men trur eg dikta det meste sjølv, så eg las om att ein CD etterpå.
Det er mykje som skjer i bygda desse dagane -det er "Nynorsk festspel" med mange arrangement, men utan føter får ein ikkje med seg så mykje.
Skulle ha planta diverse i hagen, men må vente til det blir litt fuktigare vêr. Etter alt finevêret er det lett å tru at sommaren snart er slutt-slik er det heldigvis ikkje.
Her likar humlene seg.

GOD  HELG

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 6.mai

Klokka er no 17.24, og eg har avslutta dagens arbeid, trur eg. Eg veit ikkje kor lang arbeidsdag ein kan rekne med når ein er 84 . Temperatu...