torsdag, juni 07, 2018

Dagbok 2018: 7.juni

Klokka er19.10, temperaturen er + 17 grader C, og sola skin og vinden blæs, som før. Det er ganske kaldt om morgonen og langt ut på føremiddagen.
I dag har eg gått her og surra åleine det meste av tida, men det gjer ingen ting for eg har nok å gjere. Det einaste som begrensar meg er det dumme kneet, det kan vere relativt bra ein dag og så er det litt verre den neste, så eg greier liksom ikkje å bestemme meg for kva eg skal gjere. 
I dag skulle Marit G til legen, og så skulle ho i posten også, så ho tok med dei tre breva mine, så slapp eg å fare nedover. 
Rekkverket på trappa har stått på skade lenge, og skulle vore måla for lengst. Men så hadde eg ikkje brukbar slipemaskin. I dag bestemte eg meg berre for å skrape det litt og så måle det med Bengalac som eg hadde ståande frå sist eg lakka det. Det vart sjølvsagt gjort i ein viss fart, så eg må nok  ta det att og flikke på det. Men eg hadde sett ein brøddeig før eg gjekk ut, så eg hadde ikkje all verda med tid. Det viktigaste for meg var å stoppe rustings-prosessen. Trappa skal reparerast i løpet av sommaren den også
Heler ikkje i dag kom referatet mitt i avisa så eg måtte sende ein mail og spørje kvifor. No lova dei at det skal komme laurdag. Ikkje at det betyr så mykje for meg, men det er no viktig å synleggjere at vi har eit oppegåande pensjonistlag.
Etter at eg hadde ete litt til lunsj gjekk eg ut og la meg på solsenga med "80-tallet" på øyret, det må ha vore eit keisamt tiår, for eg sova ganske fort. Men så fekk eg telefon frå banken, der skal eg møte opp i morgon klokka 11.00. Denne gongen gjeld det forsikringane. Det er samme dama som sist eg skal møte, og ho er både flink og effektiv. Det var Nils som styrte med all slags "papirarbeid" -og det straffar seg no, for eg har lite peiling, men eg lærer etter kvart, for no MÅ eg.
Eg har vatna litt i hagen i dag også, men det er liksom ikkje lov, så mykje anna hagearbeid kan eg ikkje gjere no akkurat. Så då vart eg litt arbeidslaus når det leid på dag, så eg tok like godt og vaska alle golva. Så no er her liksom helge-reint. Det er så lyst utover kvelden at eg forstår ikkje at eg kan "ta kvelden"- men no skal eg i alle fall ha meg kveldsmat med nybakt brød.
I dag fyller Arild Trovåg 56 år. Han var med til Bergen då Nils og eg gifta oss, då var han knapt to månader gammal.
I dag er det lansering av Øystein si nyaste bok "Italiensk reise" -i Ulsteinvik.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 18.mai

Klokka er no 17.56 , ute er det overskya, opplett hittil og berre +16 grader, det var litt av ein overgang, og eg likar det ikkje. Og no er ...