Dette er truleg den finaste dagen vi har hatt denne sommaren, men det har ikkje vore så veldig varmt. Like godt for meg som uansett må gå med strikkalester og joggebukse.No er temperaturen 15,5 grader C, og det er framleis ingen skyer på himmelen.
Bilda er berre for å bevise kor fint det har vore, elles har de vel sett utsikta frå trappa vår og frå altanen før.
Før middag jobba eg litt i hagen, klipte litt rundt buskene, fjerna visne roser etc.etc.
Etter lunsj låg vi ei god stund på solsengane våre. Eg les lydbok, elles blir det for kjedelig å ligge rett ut. Til middag hadde vi steikt sei, det var fjerde fiskemiddagen denne veka, og det var kanskje ikkje den siste heller. Etter at vi hadde drukke kaffi, stakk Nils av og då fekk eg lese ferdig papirboka mi. No høyrer eg at han er komen tilbake og har sett på vasslangen.
2 kommentarer:
Vi treng litt seinsommarvarme. Peacerosene mine har ikkj sprotte ut enno.
Då er dei veldig seine. Men rosene kan blomstre til jul, om det ikkje blir frost.
Legg inn en kommentar