fredag, august 14, 2015

Bok nr. 59 - 2015: Slåttekar i himmelen.

Når eg ligg på solseng, og når eg legg meg om kvelden for å sove, må eg ha ei lydbok på øyret. No fekk eg ikkje tak i bøker eg ikkje har høyrt før, så eg las like godt om att ei som eg hadde liggande på PC-en. Denne har eg høyrt parallelt med at eg las ei anna på papir. 
Eg har den stygge uvanen at eg sluker bøker, eg MÅ liksom berre få vite korleis det går til slutt. Derfor les eg ofte bøker om att -og då kosar eg meg med dei på ein heilt annan måte. Denne boka var god første gongen eg las ho, men enda betre andre gongen. Det er ei enkel bok om enkle menneske i ein historisk kontekst. På mange måtar er bakgrunnsstoffet ofte det som interesserer meg mest, det å få vite korleis folk levde, korleis dei budde, kva dei åt  og korleis dei greidde seg økonomisk. Eg hugsar sjølvsagt mykje frå boka, det er ikkkje så lenge sidan eg las den, men eg fekk nok med meg meir denne gongen. Viss det skulle vere nokon som ikkje har lese den enno, vil eg anbefale at dei gjer det.Og for all del: Les lydbokversjonen ! 

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024:12.mai

 Klokka er no 18.45, temperaturen ute er ca 20 grader C, det er delvis skya og sol. Eg trudde det var heller kjølig på føremiddagen då eg to...