Klokka er 11.30, temperaturen er 0 grader C og det snøar.Nils har vore ute og moka med handemakt, så han har fått dagens trim, eigentlig, men han må ein liten tur ned på nærbutikken også, før han kan flate ut.
Han får låne snøfresar med naboen om han vil, dei har ikkje kjøpt ny enno.
Eg har ikkje gjort stort anna enn site her ved laptoppen og klora; alle veit vel kor tida flyg når ein mødest med noko?
I fjor var vi på Kongsberg nyttårsafta, men i år blir vi heime, heilt frivillig. Vi har ei ferdigkrydra svineribbe som eg snart skal sette i omnen.Det er mange år sidan vi begynte med den skikken at vi hadde pinnekjøt julafta og svineribbe nyttårsafta. Men det har no vore litt ymse. Kalkun er eg ikkje overbegeistra for, så det har vi ikkje. Nytt av året er byggrynskrem som vi skal ha til dessert, grauten står og kokar no.Eg la gryna i vatn i går kveld, men hadde eg visst det eg no veit, sulle eg vatna dei lenger.
Så vil eg ønske alle som er innom bloggen eit GODT NYTT ÅR og takke for all kontakt vi har hatt i gamleåret.Håper alle får ein fin kveld.
(Bildet er tatt gjennom vinduet, det regnar for mykje til å ta med kamera ut).