lørdag, desember 11, 2010

Vermelding 11.desember 2010

 
Klokka er no litt over tre(15), ute er det åt og mørknar, om det i har vore heilt lyst i dag,då. Eg tvilar.
Temperaturen er+ 1 grad og det regnar. Dermed er det slapsete og ekkelt på vegane. Vi som er pensjonistar treng ikkje å gå i butikkar om laurdagane midt i juletrafikken, men eg var lite lysta på å vere inne heile dagen , så det vart ei lita shoppingrunde i dag også. På Amfi trefte vi mellom anna advokaten som eigde Advokatten vår før, han likte namnet vi hadde gitt han.
Elles kan eg fortelje at veslejenta rett over vegen kom heim i dag, dei som ser veldig godt etter, kan sjå flagget bak treet under altanen. Ho blei fødd den 6.desember.
Vi skulle eigentlig ha steikt fisk i dag, men så fann vi ein fristande pizza på Coop, så no står den i omnen og er snart klar til å fortærast. Ha ei god helg alle saman.

3 kommentarer:

solveig sa...

Takk det same! Vi har og vore på rek i heile dag, men heldigvis fått utretta mykje.

Besta sa...

Det er no berre å låne min mp3 så mykje du vil, eg har ein her også!

arieldog sa...

Eg òg var på rek, men utretta minimalt.

Dagbok 2024: 24.april

                           Eg gjekk ein runde på Vernet før eg for på møte. Klokka er no 18.04, temperaturen ute er + 7 grader, sola skin no...