søndag, desember 12, 2010

Vermelding 12.desember 2010

 
Klokka er 13.30, temperaturen minus 2 grader. Det er overskya opphaldsver, men det kjem nok snø i løpet av dagen. Oppgåva i dag er å finne julenissen på bildet.
I dag har vi brukt føremiddagen til å pakke ein del julegåver, og så har eg pussa kopar og messing mens Nils såg skiskyting. Pussinga var i grunnen fort gjort, det er ikkje så lenge sidan sist. Eigentlig skulle eg ha steikt krumkaker, men dagen er  ikkje slutt enno. Var no litt trasig at eg måtte slutte å strikke, men skuldra kjem seg litt etter litt når eg held fred.
I dag skal vi ha steikt fisk til middag, den vi eigentlig skulle hatt i går. MÅ ha ein dag med steikt fisk som ikkje har vore i frysaren.De kan seie kva de vil, men maten er best før han har vore frosen.Amanda og Eirik skal spele i korps i Voldakyrkja i dag, men eg trur ikkje vi kjem til å gå. Eg har trakka rundt nede i Vik i to dagar og har såleis problem med både rygg og hofte når eg skal sitte.

1 kommentar:

solveig sa...

Her er og konsert i dag, men eg trur det vert trangt om plassen. Før har dei hatt to konsertar, i år har dei slått saman. Ein får håpe at det er fordi dei ikkje klarte å fylle kyrkja to gongar...

Dagbok 2026:¤.juni

Eg har to slike rhododendron, men dei så så nær kvarandre at dei ser ut som ein.  Klokka er no 17.00, det skyar visst over etter at vi har h...