mandag, desember 13, 2010

Vermelding 13.desember 2010

Klokka har passert halv tre.Ute er det lettskya og opphaldsver,og som de ser,skin sola på fjelltoppane. Temperaturen er ca 0 grader C.
Nils har styrt med mange ting f.m., men eg har berre styrt med krumkaker. Har steikt to relativt store porsjonar, til saman ca 100 kaker. Ikkje rart, kanskje, at ryggen er av og fngertuppane såre. I fleire år har eg brukt ei oppskrift med potetmjøl. Då blir kakene sterkare og lettare å frakte med seg. I år gikk eg tilbake til den gamle oppskrifta med lik vekt av alt.Så får vi sjå om det var lurt. Eg hadde nesten ingen kakeboksar som høvde, eller rettare sagt berre ein. Kvar er alle dei firkanta boksane mine? Ja, ja, Nils skulle nedover og sende pakken til Kongsberg, så han fekk eit oppdrag. Han kom heim med to digre, firkanta boksar, så no er alt i boks ,for å seie det slik.
Til slutt vaska eg kjøkengolvet,det var det kjekkaste.

2 kommentarer:

solveig sa...

Hm .. Vi har ein liten firkanta her ...

Besta sa...

Sidan det er berre krumkaker eg treng boks til, er det relativt store firkanta som er i manko.Eg har fleire gonger sagt:De treng ikkje å kome att med boksane! Unntaket er STORE firkanta boksar.

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...