tirsdag, desember 14, 2010

Vermelding 14.desember 2010

Klokka er no ca 17.00. Ute er det overskya,skodde og litt regn i lufta.Temperaturen er+ 1 grad C. Vi kom nettopp heim, etter å ha vore på rek det meste av dagen.
Dagen starta med at Bodil og Svein kom innom på veg til Ålesund,der dei skulle hente barnebarnet heim til jul.Eg hadde lyst på ein tur sjølv, så eg foreslo at vi skulle ta ein tur til Fosnavågen, for der er det ein butikk utanfor "byen" som sel fiskeutstyr.Vi har vore der før, og eg kan ikkje hjelpe det, men eg får følelsen av å vere i Sibir, ikkje på grunn av kulde, men på grunn av arkitekturen.
Inne i byen ser det betre ut, men der var lite folk og lite spennande å sjå i butikkane, så noko særlig handel vart det ikkje. Utsikta mot havet var derimot eminent; og å komme ut mot kysten, var som å møte våren etter all vinteren vi har hatt her. De kan sjå den høge, bratte øya Runde midt i bildet.

I Tjørvågen tok Nils desse to fine bilda.Det var så stilt og fint på sjøen over alt at eg mistenker at det var ein som gjerne skulle ha vore ute og fiska.


Det begynte å romle i magen, men så fann vi ut at vi like godt kunne fare til Ulsteinvik og ete middag på "Sunt og nam" på Blåhuset, og det gjorde vi. Eg stakk sjølvsagt innom An Chri for å sjå etter klede, når eg først var der. Vart oppvarta så det heldt av tre ekspeditriser, og gikk ut att med ei ny bestebukse, ei svart lang jakke+ ein topp i brunt og svart. Hadde eigentlig tenkt meg ein raud genser..........
Då vi kom ut att frå Blåhuset, hadde det mørkna og trafikken hadde auka, så vi for beine vegen heim. Å reise til Hareid rekna eg ikkje for aktuelt i dag. Dei har vel nok å styre med utan oss, vil eg tru.

6 kommentarer:

Hildegard sa...

Vemodig for Svein å sjå bildet av verftet i Tjørvåg der han sist jobba vinteren 1980.

Besta sa...

Ja, vi meinte det var der han arbeidde ein periode-derfor vi tok bilde der.

Hildegard sa...

Fine bilder. Vi stod over ei ferge på Festøy, men det gjekk greitt. Heim att passa det fint med fergene.
Takk for ei koseleg føremiddag kaffistund.

solveig sa...

Nydelege bilde. Her hadde de truffe oslostudenten. Han kom heim klokka 10.

Besta sa...

Heile turen vart teken på sparket, og vi ville ikkje øydelegge eventuelle planar for dykk.Vi må no ha eit lite treff alle tre fraksjonane HER før jul.

solveig sa...

Vi må ha ei gåveutveksling m.m. Feil bøying av å treffe i førre kommentar.

Dagbok 2024: 26.april

Klokka er no 16.30, temperaturen ute er +8 grader og no skin sola mellom skyene. Det er berre ei lita stund sidan eg kom att frå turen på Ve...