onsdag, desember 15, 2010

Søt gjærdeig.

No har eg ein bolledeig ståande til heving. Skal bake bollar med og utan rosiner i dag. Eg har funne ei oppskrift på nettet som eg er veldig fornøgd med. Brukar den til bollar, skillingsbollar, skulebrød, prinsessekake m.m. Som de ser er den ganske søt, så der kan ein regulere etter eigen smak. Eg lagar sjeldan søt gjærbakst, men til jul gjer eg eit unntak.

1 liter melk
250 gram smelta smør
3 dl sukker
2 egg
100 gram gjær for søte deigar
3 ts kardemomme
2,1 kg kveitmjøl (Ha ikkje alt i på ein gong, men gøym noko til utbaking.)

Skriv ikkje noko om framgangsmåten, då eg reknar med at dei fleste kan lage ein gjærdeig.

2 kommentarer:

solveig sa...

Svært lik den eg "har i hovudet", og som eg brukte til lussekattar. På skulen har eg tilpassa væskemengda 1 pk mjøl, 2 kg.

Besta sa...

Det er ikkje så lant unna. Har ikkje meir enn ca 2 kg i deigen, resten er til utbaking. Greitt å halde seg til ein deig, synest eg, så slepp ein så mange oppskrifter. Eg har ikkje så mange deigar i hovudet, bakar ikkje så mykje som du.

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...