onsdag, desember 15, 2010

Vermelding 15.desember 2010

Klokka er snart 3, temperaturen er +3,5 grader C. Det er overskya, men opplett, i alle fall akkurat no.
Det er ikkje så mykje å ta bildet av ute i dag, så eg tek med eit bilde av Advokatten i staden. Han ser godt ut no, et og veks gjer han. Nesten kvar dag får ein ein porsjon graut som Nils har kokt av tørrfisk og semulegryn. Han varmar den i mikroen, så heile kjøkkenet er forpesta. Det er mat for mons.
Eg har altså laga ein porsjon kveitebollar og så tok eg like godt å laga grove rundstykke med det same eg var i siget. No er dei snart ferdigsteikte, og då skal eg lage fiskesuppe til middag. Dei ringde frå Nett-strikk og sa at garnet mitt var kome, så no blir det kanskje skjerf til jul om skuldra folkar seg.

3 kommentarer:

solveig sa...

Katten vår har rett og slett blitt tjukk. Ho har problem med å smyge seg opp på altanen. Eg har kjøpt X-tra mat. I dag stal ho schnitslar...

Besta sa...

Advokatten er stor i utgangspunktet, men han var mager før Nils begynte å mate på han. Han er på farten støtt, så eg trur ikkje han blir feit. han er eit flott dyr, men veldig "skjerre" som vi seier i Nordfjord.

solveig sa...

Det er vel ein grunn til det!

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...