Klokka er snart 3, temperaturen er +3,5 grader C. Det er overskya, men opplett, i alle fall akkurat no.
Det er ikkje så mykje å ta bildet av ute i dag, så eg tek med eit bilde av Advokatten i staden. Han ser godt ut no, et og veks gjer han. Nesten kvar dag får ein ein porsjon graut som Nils har kokt av tørrfisk og semulegryn. Han varmar den i mikroen, så heile kjøkkenet er forpesta. Det er mat for mons.
Eg har altså laga ein porsjon kveitebollar og så tok eg like godt å laga grove rundstykke med det same eg var i siget. No er dei snart ferdigsteikte, og då skal eg lage fiskesuppe til middag. Dei ringde frå Nett-strikk og sa at garnet mitt var kome, så no blir det kanskje skjerf til jul om skuldra folkar seg.
3 kommentarer:
Katten vår har rett og slett blitt tjukk. Ho har problem med å smyge seg opp på altanen. Eg har kjøpt X-tra mat. I dag stal ho schnitslar...
Advokatten er stor i utgangspunktet, men han var mager før Nils begynte å mate på han. Han er på farten støtt, så eg trur ikkje han blir feit. han er eit flott dyr, men veldig "skjerre" som vi seier i Nordfjord.
Det er vel ein grunn til det!
Legg inn en kommentar