søndag, desember 26, 2010

Vermelding 26.desember 2010

Klokka er ca 19.30, ute er det samme fine, kalde veret som før. Akkurat no er det minus 12 grader C.
Har ikkje bilde i dag, men det er berre å sjå på eit av dei som finst frå før.
I dag har vi hatt besøk av Solveig og Margrete med fam. Til middag serverte vi Stroganoffgryte med ris og grønsaker. Til kaffimåltidet vart det både søtt og salt.
No har vi fått rydda opp og sett på oppvaskmaskina, som eg velsigna litt ekstra i dag! No skal eg få med meg litt av julenøttene - på TV.

1 kommentar:

Elin sa...

God romjul til dokke! I dag har vi hatt ein særs roleg dag, då eg har hatt mageproblem...trur eg må slutte med røykt ribbe, toler det dårleg. Men no er matlysta tilbake. Lurer på om eg skal sjå Juleoratoriet, men eg sovnar vel... Gledar meg til mildare ver, eg likar ikkje denne kulden!

Dagbok 2024: torsdag18.april

   Det er nokre år sidan dette bildet vart tatt på Hareid, med alle barnebarna i samme sofa Klokka er no16.56, temperaturen ute er + 10 grad...