onsdag, desember 22, 2010

Julehelsing jula 2010


Kjære slekt og venner !

Nesten kvar dag i året skriv eg blogg. I tillegg skriv eg på Face Book, og så sender eg mailar rundt omkring, så eg føler at dei fleste eg kjenner er rimelig oppdaterte på det vi styrer med her i Starevegen 7. Dermed blir det ikkje noko julebrev med årsrapport til jul i år. Og sidan venstre skuldra svikta etter ein intens strikkeraptus, sit eg her og klorar med ein finger, for det meste, elles brukar eg to, minst.

I år slepp vi i alle fall å drøyme om "A White Christmas"- her hos oss har vi hatt snø sidan 20 oktober, og no har vi godt over meteren. Det er veldig fint ute, men det er i grunnen nok no. Kan aldri hugse at vi har hatt så mykje snø og kulde før jul. Held det fram slik etter jul også, blir det ein lang vinter. Eg er lite ute og går, det blir ikkje stort meir enn frå den eine butikken til den andre.men om veret held seg, skal eg ha ut sparken.
Dette året har, som dei fleste år , bode på både gleder og sorger, mest gleder for oss, heldigvis. Vi har stort sett vore friske, om ikkje direkte raske. Vi har vore på turar og vi har hatt mange besøk, noko vi set veldig pris på. Vi har feira 70-årsdagen min i lag med nærmaste familie og naboar, men er ikkje heilt ferdig med feiringa enno. Vi får sjå kva det blir til.
Det aller gledeligaste som har hendt dette året, er likevel at vi har fått enda eit barnebarn. Vesle Ingar, sonen til Wenche og Rasmus, vart fødd 4.mars og er no blitt ein stor og trivelig gut. Vi har i alt 11 barnebarn, 8 gutar og 3 jenter, i alderen 0-23 år.
Julafta skal vi i år feire på Hareid i lag med Solveig sin familie. Andre juledag håper vi å kunne samle alle, eller dei fleste, her hos oss. Det hadde vore kjekt å hatt eit STORT hus i høgtida, men til vanlig har vi plass nok.
Så vil vi berre ønske alle ei GOD JUL og eit GODT NYTT ÅR.
Det er hyggelig om de kikar innom bloggen av og til, Margrete (Ariel) og Solveig er også ivrige bloggskribentar, Rasmus er meir sporadisk innom sin blogg (Kongsbergtigrane)
Beste helsing frå Nils og meg
Olaug

4 kommentarer:

Hildegard sa...

God Jul til deg og dine. Kjekt at de ikkje skal vere åleine julafta, ikkje lengre vegen no til Hareide enn at de kan køyre heim om kvelden, om de vil.

Besta sa...

Vi var på Hareid julafta i fjor også, og kjørte heim om kvelden. For to år sidan var Rasmus og fam. her. Det er ikkje mange gonger vi har vore "åleine" julafta og dei gongane har det vore høgst frivillig. Vi ønsker dykk alle ei god og fredelig jul.

solveig sa...

Her i huset er vi "åleine" når vi er seks! Kjekt med julegjester!

Elin sa...

Riktig god jul til dykk og! Takk for det gamle året, og godt nytt år!

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...