lørdag, desember 18, 2010

Bok nr.61 2010: Det siste barnet.

No har eg lese tre krim-romanar på rad. Dei to føste svenske, mens handlinga i denne boka er lagt til North Carolina, USA. Dei svenske romanane var eg berre så passelig begeistra for, men denne vil eg rett og slett karakterisere som ei god bok. Det er ingen vanlig kriminalroman, men ei forteljing om menneskelige tragediar, om skuld og anger, vennskap og familierelasjonar og mykje meir. Ingen blir direkte framstilt som verken skurkar eller heltar. Eg vil gå så langt som å seie at dette er ein "moralsk" kriminalroman som stiller mange spørsmål. Ikkje minst er spørsmålet om å gjere "det rette" sentralt. At 13-åringar drikk alkohol, køyrer bil ute om natta og handterer skytevåpen m.m. er vel ikkje så heilt urealistisk i sørstatane? Miljøskildringane i boka er forresten veldig gode.Språket er godt og til tider reint poetisk.Ser ingen grunn til å referere handlinga i boka.
Opplesaren Haakon Strøm var ny for meg, men han les godt, sjølv om eg til å begynne med syntest han var vel intens. Eg vil anbefale boka til alle som likar krim med noko attåt. Først då eg hadde lese ut boka, såg eg at den hadde fått terningkast 6.

2 kommentarer:

solveig sa...

Noko for meg altså!

Besta sa...

Kanskje det? Har tenkt å prøve å rippe den, viss eg ikkje får det til med ein gong gir eg opp. Men du kjem vel innover ein dag? Treng ikkje å levere inn boka enno altså.
Men boka liknar ikkje på noko eg har lese før, og det gikk ei stund før eg forstod kor bra den eigentlig var.

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...