lørdag, desember 18, 2010

Vermelding 18.desember 2010

Klokka er no ca 14.30, temperaturen minus 5 grader C, snødjupna ca 1 meter, og det er overskya.
Veret er ikkje så strålande som det var i går, men heller ikkje så kaldt. Nils har brukt f.m. til å moke snø frå altanen og til å finpusse tunet. Han får både frisk luft og mosjon. Eg har stort sett stått ved komfyren og laga mat som skal fortærast i løpet av jula. Godt alt som er gjort på førehand. Middagen i dag vart særdeles lettvint, kyllingrestar frå i går- no som "gryte".
Har verken vaska eller støvsuga til helga, men over helga må det skje ei forvandling i huset, då skal her både ryddast og pyntast. Trur eg. Vi fekk handla resten av julegåvene i går. Ja, ja, det dukkar vel kanskje opp sånn litt forskjellig undervegs.
Les på FB om folk som lagar både syltaflesk, rull og det som verre er. Men vi bryr oss ikkje om verken det eller småkaker, så då er det ikkje så farlig om eg ikkje meistrar slike kunstar. Mat blir det nok av ! Her går det mest i middagsmat.Håper alle får vere friske i jula og at dei som har kava på i førejulstida får nokre gode fridagar å "hente seg inn" på.

3 kommentarer:

Hildegard sa...

Det gleder meg at du får gjort litt jule-førebuing.Trur at mange av dei som lagar rull, sylte, gravlaks, bryggjar juleøl m.m. gjer det fordi det er artig å prøve, eller dei likar å halde tradisjonar i hevd. I våre dagar treng ein ikkje stresse med slikt viss ein ikkje har ei spesiell interesse. I dag har eg laga krumkakedeig, baka bollar og knekkebrød à la Elin, så i morgon blir det vel krumkakesteiking.Har ikkje tenkt å lage andre småkaker.

Bjørg sa...

Kjekt å sjå ørstabilete. Hans synest det er mykje med 1 meter snø. Men fint med sol på fjella. Det har snøa her og i dag, er vel 30 cm.
Vi handlar litt julegåver med jentene. Dei treng skyss. Mamma Elin sit i ro med operert kne. Elles går det i vanleg husarbeid. Det er og veldig mykje vi kan bestemme når det gjeld innreiing i det nye huset, så vi besøkjer stadig byggvarebutikkar.

Besta sa...

Eg har ikkje laga andre småkaker enn krumkaker, og så kjøper eg litt. Men eg har litt formkaker og runde kaker.Ikkje matmangel. Litt annleis der det er store familiar og mange gjestar.
Bjørg: De blir vel i Larvik til over jul når det er slik fatt med Elin?Sikkert spennande å sjå i byggvarebutikkar no, meir å velje i enn då de bygde i Farkvamen.

Dagbok 2024: 24.april

                           Eg gjekk ein runde på Vernet før eg for på møte. Klokka er no 18.04, temperaturen ute er + 7 grader, sola skin no...