fredag, desember 17, 2010

Vermelding 1.desember 2010

Klokka er 14.00, temperaturen er minus 6,5 grader C, og veret er som på det finaste julekort. Håper berre at det blir relativt stabilt, for no er det passelig mykje snø, vi treng ikkje meir. I går moka Nils tunet to gonger, og så kom naboen og fresa over om kvelden. Så det er somme som får mosjon.
I dag har Nils moka litt, og så har han vore på besøk til ei dame som skal feire jula på Kanariøyane, så ho treng ein til å passe huset.
Eg vakna grytidlig i dag og verkte i heile kroppen, låg og las til det var på tide å stå opp, men DÅ somna eg. Så det blei ingen flying start på MIN dag. Brukte f.m. til å rydde og pakke inn julegåver etc. No har vi tatt oss ein kopp kaffi, og så må vi berre nedover å supplere litt - det er alltid noko som manglar. Likar ikkje å handle laurdagane, då er der for mykje folk!
I dag kan vi gratulere Hans Petter på Eid med 20-årsdagen !

1 kommentar:

Hildegard sa...

Fin bursdag på Hans. ALLE var der og gratulerte han med dimming og 20-årsdag - Kristine som hadde spysykje og låg på sofaen i Alleen og sov. Besten og eg var der på skift. Leng sidane alle gutane har vore samla no.

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...