fredag, desember 31, 2010

Klokka er 11.30, temperaturen er 0 grader C og det snøar.Nils har vore ute og moka med handemakt, så han har fått dagens trim, eigentlig, men han må ein liten tur ned på nærbutikken også, før han kan flate ut.
Han får låne snøfresar med naboen om han vil, dei har ikkje kjøpt ny enno.
Eg har ikkje gjort stort anna enn site her ved laptoppen og klora; alle veit vel kor tida flyg når ein mødest med noko?
I fjor var vi på Kongsberg nyttårsafta, men i år blir vi heime, heilt frivillig. Vi har ei ferdigkrydra svineribbe som eg snart skal sette i omnen.Det er mange år sidan vi begynte med den skikken at vi hadde pinnekjøt julafta og svineribbe nyttårsafta. Men det har no vore litt ymse. Kalkun er eg ikkje overbegeistra for, så det har vi ikkje. Nytt av året er byggrynskrem som vi skal ha til dessert, grauten står og kokar no.Eg la gryna i vatn i går kveld, men hadde eg visst det eg no veit, sulle eg vatna dei lenger.
Så vil eg ønske alle som er innom bloggen eit GODT  NYTT  ÅR og takke for all kontakt vi har hatt i gamleåret.Håper alle får ein fin kveld.
(Bildet er tatt gjennom vinduet, det regnar for mykje til å ta med kamera ut).

4 kommentarer:

Elin sa...

Eg varmar litt kalkun i tillegg til røykt pinnekjøt,eg blei dårleg etter julemiddagen, så har tenkt å vere forsiktig i dag.
Eg var innom både Mega og Bunnpris på Eid og leita etter bygg-gryn, men det hadde dei ikkje. Skuffande. Har laga karamell-pudding, 2 stk, med fløyte i, så det blir utskeielsen på tampen av året. Første jula utan tillegg på vekta, det er eg litt kry av!
Har vore ute og testa broddane (kjettingane), men ikkje rette føret, det klabba!
Eg har ikkje lese så mykje dette året, men er einig med deg i Knausgård! Elles så er det ei bok som står på leselista mi, og det er Tre kopper te (eller noko slikt), ho er visst kjempebra.
Godt nytt år!

Besta sa...

Eg har gått inn på sida GOD BOK på FB-der er mange gode boktips, dessverre fint ikkje alt på lydbok.
Eg kokar og kokar på byggryna, skulle lagt dei i vatn LENGE på førehand.Godt nytt år til dokke, og takk for kontakten vi har hatt i 2010!

STRIKKEMOR(O) sa...

No regnar det her og!
Men alt er betre enn kulden som har vore hittil denne vinteren. Eg toler den dårleg.
Eg er dårleg i høgre alboge/arm, så no blir det ein periode utan strikking. Får lese i staden for, det går fint an.
Ønsker deg og Nils ein fin kveld og eit godt nytt år!

Kongsbergtigrane sa...

Godt nytt år frå oss i Kongsberg

Dagbok 2024: torsdag18.april

   Det er nokre år sidan dette bildet vart tatt på Hareid, med alle barnebarna i samme sofa Klokka er no16.56, temperaturen ute er + 10 grad...