fredag, desember 10, 2010

Vermelding 10.desember 2010

Klokka er no ca 15.00. temperaturen ute er+ 1 grad, litt mildare nede i Vik.Og det regnar,skikkelig ufyselig ver, men ikkje kaldt i alle fall.
I dag har vi vore på shopping. Måtte til Volda og bestille meir garn, og då vart det til at vi stakk innom Lystad og kjøpte nytt kamera.Det heiter Pentax Optio E 90. Har berre så vidt prøvd det, så eg har ikke funne ut korleis eg skal få bort dato og klokkeslett frå bilda, eller i alle fall få det rett.
I Ørsta var eg innom biblioteket,Ørsta Torg og Amfi. Fekk kjøpt nokre få julegåver.Det går fort og gale for seg uansett kor god tid ein har. Og sjølv om butikkane er fulle av alt slag, så finn ein ikkje alltid det ein ser etter.
No driv Nils og kokar fisk og poteter, så skal vi ha oss eit HERRE-måltid.

Sjekk dette stilige bildet. Ikkje berre er bilen i same farge som huset, men også spadar, snøskufle etc. Det som gøymer seg under snøen, er båtvogna.

2 kommentarer:

Hildegard sa...

Gratulerer med nytt kamera. Ja, det er som oftast ein del "spekulering" ved kjøp som kamera, mobil, data, tv etc., og det blir verre til eldre ein blir.

Besta sa...

Ikkje berre til eldre ein blir, men også til fleire duppedittar ein skaffar seg.Eg har lite tolmod med slikt, så eg plar vente til ein kvan kyndige kjem på besøk.

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...