onsdag, desember 29, 2010

Vermelding 29.desember 2010

Klokka er 14.00. Ute er det overskya og nesten varmt, berre 3,5 minusgrader. Enno er det opplett, men snøbygene er nok ikkje langt unna.
Nils var ute og gikk ein tur f.m., men eg har problem med å komme meg ut, så eg vaska golv m.m. Kan ikkje heilt gløyme dei huslige pliktene for det om det er jul. No skal vi ha oss eit måltid med brød, sursild etc. Kjøleskapet er framleis fullt av mat. Vi et ikkje så mykje meir og annleis når vi er her åleine, sjølv om det er aldri så mykje jul. Vi er friske og har det bra, håper det same for blogglesarane.

2 kommentarer:

Bjørg sa...

Vi har hatt 6 mionusgrader i dag her i Arendal og overskya.
I morgon reiser vi vidare til Sola. Vi skal innom Ikea for å sjå kva som finst av skap og baderomsinnreiing. Det er ein heil del å ta stilling til, og eg har ikkje interessert meg så mykje for slikt på lenge. Men det er no litt kjekt.

Besta sa...

Både spennande og litt rart å bygge på nytt etter å ha passert 70 kan eg tenkje meg.Men eg synest de gjer rett i å flytte nærmare borna.

Dagbok 2024: 24.april

                           Eg gjekk ein runde på Vernet før eg for på møte. Klokka er no 18.04, temperaturen ute er + 7 grader, sola skin no...