torsdag, desember 30, 2010

Vermelding 30.desember 2010


Klokka slo nettopp 11.00. Ute er det +0,5 grader C, akkurat så mildt at snøen har tendensar til å smelte.Nils har vore ute og moka, eg seier at han er heldig som greier det, for så får han god mosjon heilt gratis. Trur nesten han likar det. Eg har ikkje gjort så mykje nytte for meg hittil i dag, men no skal vi ha ein tur på butikken.Det er ikkje så mykje vi treng, men det er kjekt å treffe litt folk. I dag skal vi ha fisk til middag, den har Nils funne i frysaren.I dag kunne han ha vore ute og fiska om det ikkje var så mykje is i hamna. Seier han.Det blir no ei stund enno før han kjem seg utpå, for det er meldt sterk vind.Vi skal også ut og sjå etter huset han passar.
Kl.14.40. No har vi ete middag. I dag vart det seibiff etter sjølvkomponert oppskrift, det er begge sin favoritt når det gjeld steikt fisk. Vi var ein tur på Amfi, det var ikkje mykje vi skulle ha, men eg tok meg ei runde og kika. Det er jo salg over alt, men ikkje alt fristar.
På bokhandelen kom eg frampå denne boka , nedsett frå 369 kr til 189 kr, og kjøpte den  i gåve til meg sjølv. Tenkte eg kunne fornye meg litt i matvegen, det blir gjerne til at ein lagar dei same rettane om att.Har sjekka oppskriftene på fiskesuppe og fiskekaker, og dei var til forveksling like dei eg brukar. 
Og så fann eg etter ein del leiting "Hele byggryn" på Coop, så no skal eg lage byggrynskrem a la Solveig. Har att litt fløyte etter jul. Meiner Margrete brukar byggryn i betasuppe (brennsnut)-kanskje eg prøver det også. Best å bruke bygg mens det enno er sunt.

4 kommentarer:

solveig sa...

Her er det 2+ i dag, og det er sørpe på vegen. Håper dei skrapar den vekk ...

solveig sa...

Den boka har eg og! Kjøpt på tilbod sjølvsagt ...
I dag har eg kokt byggrynsgraut. Satsar på at det vert restar. Kalkun en vewrt mot kvelden.

Anonym sa...

Byggryn i Brennsnut er kjempegodt! Det er berre om å gjere å huske å legge dei i vatn tids nok..... J.

Besta sa...

Kanskje lurt å bløyte opp eit par pakkar og så fryse i porsjonar slik som eg gjer med erter ? Då er det klart til bruk.

Dagbok 2024: 26.april

Klokka er no 16.30, temperaturen ute er +8 grader og no skin sola mellom skyene. Det er berre ei lita stund sidan eg kom att frå turen på Ve...